Big Kjell i Saloonen
Laurdag i haustferien inviterer Old River Saloon i Etne til Rock/Countrynight med Big Kjell på scenen.
Big Kjell er ein kjend trubadur som står høgt i kurs blant publikum i Saloonen, der han har vore mange gonger tidlegare. Når han ikkje er på scenen, vandrar han rundt i lokalet med gitaren og syng for gjestene.
Big Kjell byrja i tidleg alder med rock og country. I 1987 blei han nord-noregsmeister med rockebandet Spirits frå Vadsø, og i 1992 blei han noregsmeister i country med bandet Four Roses frå Vadsø, som også blei brukt som backingband for artistar som Ottar Big Hand, Teddy Nelson og Lillian Askeland, for å nemna nokon.
Etter starten i nord, sette han kursen til Oslo og seinare til Haugesund, der han har adresse nå. Dei siste åra har han turnert her sør med cirka 250 speledagar i året.
Big Kjell har over 500 låtar på repertoaret sitt.