Bli abonnent – få full digital tilgang!
OL-tilbod: Kun 1 kr ut mars!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Biblioteka vil ha meir aktivitet etter koronapandemien. Illustrasjonsfoto: Berit Roald / NTB / NPK
Biblioteka vil ha meir aktivitet etter koronapandemien.

Biblioteka vil ha leseglade folk tilbake

Publisert Sist oppdatert

Denne veka startar ein serie på tre regionale samlingar i Møre og Romsdal. I Tingvoll, Sykkylven og Volda skal tilsette på biblioteka og personar frå frivillige organisasjonar saman med Voksenopplæringsforbundet møtast for å setje søkelyset på livslang læring i biblioteka, og på biblioteka som kunnskapsaktørar.

– Vi håpar at samlingane kan vere eit stad for å knyte nye nettverk og opprette nye samarbeid, og for å få meir aktivitet i biblioteka etter koronapandemien, seier bibliotek-rådgivar Anne Askeland ved kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding.

Tema for samlingane er mellom anna ungdom og unge vaksne som fell utanfor systemet og ikkje tek del på skule eller i arbeidslivet, og korleis biblioteka kan vere ein ressurs for dei eldre i befolkninga.

Powered by Labrador CMS