Dagleg leiar Svein Atle Berge i Ølen Betong har grunn til vere nøgd med rekneskapen for 2017.
Arkivfoto: Arne Frøkedal
Betong i milliardklassen
Dagleg leiar Svein Atle Berge forklarer tala med god aktivitet på alle anlegg og innanfor alle dei tre divisjonane; ferdigbetong, betongvarer og element.
Ølen Betong som konsern omsette for 1.321 millionar kroner i fjor, ein auke på 320 millionar frå 2015, som tilsvarar 32 prosent. Resultat før skatt enda på 71,5 millionar mot 65 millionar året før
Ølen Betong Gruppen-konsernet, som i tillegg eig ein del eigedommar og andre selskap, hadde ei samla omsetning på kr 1.444 millionar kroner (1.327) og eit resultat før skatt på 127 millionar (242). Samla har gruppa 450 tilsette fordelt på selskap og avdelingar i heile Noreg.