Kent og vokalist Joakim Berg gjorde ein god figur i teltet laurdagskvelden.
Foto: Øystein Birkenes
Besøkstalet gjekk ned
Den heilt store oppslutninga uteblei på Bluesfestivalen i Skånevik i år, sjølv då Kent tok scena rundt midnatt laurdag. På dagtid var det òg litt tynt med folk. Vêrmeldingane hadde nok ei rolle å spele i dette, meiner festivalsjefen.
— Det blei meldt veldig dårlig vêr på førehand, og då mister me impulsbesøka, seier bluesleiar Alf Warloe Christophersen.
— Dermed sel me eit par tusen billettar mindre enn i fjor, frå elleve og ned til ni tusen. Men vêret blei jo slettes ikkje så verst, og varmt var det heile vegen. Eg ville rekna med to-tre tusen fleire besøkande dersom vêret og meldinga var på stell. Yr og Storm.no burde berre legge ned, spøkar han.