Berre to av 203 prøvar gav utslag på covid-19
Ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim opplyser til Grannar at situasjonen framleis er uavklart, men er likevel veldig letta over at det berre var to smittetillfelle av så mange testar. Det manglar svar på tre av 206 testar.
— Den eine nye smitta er tilsett i Skånevik barnehage, noko som utløyser stenging av avdeling Askeladden i barnehagen. Alle barna og tilsette på denne avdelinga er rekna som nærkontaktar og er sett i karantene i 10 dagar rekna frå 6. november, fortel ordføraren seint tysdag kveld.
Barna i avdelinga blir tilbydd covid-19-test. Dei vaksne i barnehagen som er nærkontaktar, er sett i karantene i ti dagar og blir testa. I samråd med Folkehelseinstituttet blir ikkje dei andre avdelingane i Skånevik barnehage stengde, men grunna bemanningssituasjonen blir det ein liten reduksjon i opningstida.