Ragnvald Larsen er bekymra over all skogen som veks langs elva og fleire plassar i elva. Her viser han at elva jobbar seg inn mot vegen. Ifølgje han er det ingen som føl det opp, og han etterlyser svar på kven som har ansvar. FOTO: RENATE SÆVAREID
Ragnvald Larsen er bekymra over all skogen som veks langs elva og fleire plassar i elva. Her viser han at elva jobbar seg inn mot vegen. Ifølgje han er det ingen som føl det opp, og han etterlyser svar på kven som har ansvar.
Etter den store flaumen i Skånevik i 1983 blei det laga ei demning slik at steinane som kjem frå fjellet stoppar der. Ifølgje Ragnvald Larsen har det snart blitt fullt opp med stein langs demninga. FOTO: RENATE SÆVAREID
Etter den store flaumen i Skånevik i 1983 blei det laga ei demning slik at steinane som kjem frå fjellet stoppar der. Ifølgje Ragnvald Larsen har det snart blitt fullt opp med stein langs demninga.
Her heng det store tre over elva. Nå med store nedbørsmengder ligg treet nedi elva. FOTO: RENATE SÆVAREID
Her heng det store tre over elva. Nå med store nedbørsmengder ligg treet nedi elva.
Det er ikkje stor avstand mellom elv og bru nå med dei store mengdene nedbør som er kome. Larsen er bekymra for kva som vil skje om det kjem store tre ned langs elva. FOTO: RENATE SÆVAREID
Det er ikkje stor avstand mellom elv og bru nå med dei store mengdene nedbør som er kome. Larsen er bekymra for kva som vil skje om det kjem store tre ned langs elva.

Ekstremvêret Jakob

— Berre eit spørsmål om tid før det går gale

Ragnvald Larsen frå Skånevik vakna av eit bulder frå elva og at huset rista tidleg torsdag morgon. Ifølgje han sklir murar ut og han er bekymra for alle tre som veks langs elva.

Publisert Sist oppdatert

Ragnvald Larsen bur rett ved sida av Valdraelva, som går gjennom Skånevik sentrum.

— Eg høyrde to store steinar rase ned elva då eg vakna, fortel han.

I fleire år har han etterlyst kven som har ansvar for murane og skoging langs elva. Han seier at ingen følgjer det opp. Ifølgje Larsen heng det mykje stor skog over elva, og ein del mur har rast ut.

Saknar svar

For mange år sidan var han med NVE på synfaring langs både Mildra- og Valdraelvane, som går gjennom Skånevik sentrum. Då var han bekymra for alle trea som veks langs og i elva, men det skjedde ifølgje han ingenting.

— Det er skummelt at det ikkje er skoga langs elvene her. Det er berre eit spørsmål om tid før det går gale, seier Larsen.

Han opplever å ikkje få svar frå kommunen på kven som har ansvar, og er frustrert over at han ikkje veit kor han skal venda seg.

Opnar for hogst til vinteren

Erik Kvalheim, som er tilsett i Etne kommune som seniorrådgivar, viser til at dei siste elveførebyggingane som er gjort langs både Miljaelva og Valdraelva, er frå slutten av 1980-talet. Det er gjort på store delar, men ikkje på alt.

— I ein slik akutt situasjon som no, med mykje nedbør, er det tryggast å venta til det har roa seg før ein gjer noko, om det ikkje er så akutt at det trengst tiltak med ein gong. Ein må alltid tenkje på sikkerheita. Ein må ha stor respekt for naturkreftene, seier Kvalheim.

— Ein kan venda seg til kommunen om ein er bekymra i ein akutt situasjon, så vil sjølvsagt kommunen sjå på korleis ein kan hjelpa, seier Kvalheim.

Larsen etterlyser at nokon skal ta ansvar for skogen langs desse to elvane i Skånevik. Han meiner at det ikkje skal mykje til, med så store nedbørsmengder, før fleire tre kan rase ned til brua i sentrum og tette igjen. Då vil det bli tett, og alt vatnet vil koma inn i Skånevik sentrum. Han hugsar godt då elva tetta seg igjen ved brua rett ved sida av Larsen i 1983. På grunn av snøsmelting, høge temperaturar og store nedbørsmengder kom det mykje stein ned frå fjellet som stengde vatnet i elva, og vatnet kom inn i Skånevik sentrum. Det var dramatisk.

— Det ser ut til at kommunen kan få hogd litt i samarbeid med lokale krefter i løpet av vinteren, seier Kvalheim.

Her heng det store tre over elva. Nå med store nedbørsmengder ligg treet nedi elva.
Det er ikkje stor avstand mellom elv og bru nå med dei store mengdene nedbør som er kome. Larsen er bekymra for kva som vil skje om det kjem store tre ned langs elva.
Ragnvald Larsen er bekymra over all skogen som veks langs elva og fleire plassar i elva. Her viser han at elva jobbar seg inn mot vegen. Ifølgje han er det ingen som føl det opp, og han etterlyser svar på kven som har ansvar.
Powered by Labrador CMS