Svein Helge Bergfjord i kjent positur framføre Fosen bedehus.Pressefoto
Bedehushistorie til frukost
Svein Helge Bergfjord tar frukostgjestene me på ei munter bedehushistorie. Karmøybuen er andre gjest i arrangementet Frukost ved fjorden på Åkrafjordtunet denne sesongen. Vandring i bedehusland» er tittelen på hans kulturelle innslag komande onsdag. 27-åringen blei for alvor kjent over heile landet etter at NRK sende filmen Jesus lever på Karmøy». Dokumentaren er send fleire gonger i reprise og har slått godt an.
Filmen handlar om at Svein Helge Bergfjord Torsteinsbø og vener, alle midt i 20-åra, overtok Fosen Bedehus på Fastlands-Karmøy. Der har dei gjort eit storstilt restaureringsarbeid: Tak, glas og ytterkledning er skifta ut. Huset er komen i aktivitet igjen med juletrefestar, basar og andre møte. Ei hovudsak er også at huset er tatt i bruk som bedehusmuseum. Her er ei stor samling frå nedlagde bedehus, som fortel om ei rik soge om Jesus-forkynning.
I 2021 tok Svein Helge over som krinssekretær etter Georg Kallevåg i Den Indre Sjømannsmisjon. Her driv dei med ungdomsarbeid, eldrearbeid og bedehusarbeid. Også arbeid med det kjende betelskipet Elieser 6» er med i arbeidsoppgåvene til krinssekretæren. 7. – 10. november vitjar Elieser 6» Grannar-distriktet.