Haugesund sparebank skal flytta inn på Ølen torg. Her er regionsleiar for personmarknad Siri Tungesvik Vestbø.
FOTO: RENATE SÆVAREID
Bank på flyttefot
Banken har leigd eit lokale på 290 kvadratmeter og er no i startfasen av flytteprosjektet. I dag held banken til i same bygg som politiet, på veg ned mot Ølen sentrum. Men ettersom banken har vakse og fått fleire tilsette, har det oppstått behov for meir plass.
— Me har kjent på eit behov for å modernisera oss, og bli ein endå meir attraktiv og framtidsretta lokalbank, seier Siri Tungesvik Vestbø, regionsleiar for personmarknaden.
For Haugesund Sparebank var det viktig å halda fram med å ha kontor i Ølen, og plasseringa på Ølen Torg er godt synleg frå E134.