Bakka-Mo er inne i NTP
Strekninga mellom Bakka og Mo i Etne er inne i komande nasjonal transportplan for 2025-2036.
Regjeringa vil i komande Nasjonal transportplan (NTP) setje av 2,4 milliardar kroner til strekinga mellom Bakka i Stordalen og Mo i Etne.
Strekninga er ein del av E134 Bakka-Solheim, eit prosjekt lokale politikarar har kjempa for i mange år. Bakka-Mo utgjer omtrent halvparten av denne totalt 41 kilometer lange strekninga.
Nyhenda slepte statssekretær Tom Kalsås (Ap) på eit pressemøte i Haugesund fredag formiddag. Bakka-Mo er del av ein tolvårsplan. I tillegg til Bakka-Mo avslørte han at Husøyvegen og innsegling til Haugesund frå nord er med.
— Desse prosjekta betyr ekstremt mykje for Haugalandet, sa stortingsrepresentant Tove Elise Madland (Ap).
Ho trakk også fram Seljestad-Røldal prosjekt på E134 som skal behandlast i Stortinget 11. april. Madland gler seg til å gå på talarstolen den dagen for å snakke om den nye Røldalstunnelen.
Kalsås hinta om å starte Bakka-Solheim med delprosjektet Bakka-Mo allereie under eit vegmøte på Skakke i august 2023:
Takkar sjåførane
Lekkasjen blei tatt godt imot frå stortings- og lokalpolitikarar frå Grannar-distriktet som var møtt opp. Madland (Ap) kalla det ein gledas dag. Ho takka alle som har arbeidsplassen sin på E134.
I gleda over at Bakka-Mo nå er inne understreka ordførarane Ole Johan Vierdal (Sp, Vindafjord) og Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim (Sp, Etne) at dette berre er eit delprosjekt i Bakka-Solheim og at kommunane vil starte reguleringsarbeidet som trengs for at det kan byggjast veg snarast. Varaordførar Andreas Grumheden (Ap) i Etne sendte ein stor takk til transportnæringa for at Bakka-Mo nå blir prioritert.
— Dei har verkeleg stått på og jobba for å få fram viktigheita av Bakka-Solheim. Utan dei så trur eg ikkje me hadde klart å få med oss både regjeringa og Stortinget på dette, sa Grumheden.
Dette er Vegvesenet sin animasjon av vedtatt trasé for Bakka-Mo: Sjå video her
Kakefeiring
Fantastisk» er ordet som går igjen hos både Grumheden, Vierdal og Bergsvåg Ekrheim når dei blir spurte om sine første reaksjonar på Bakka-Mo-nyhenda. I tillegg til alt det folkelege engasjementet ho opplever som ordførar blir Bergsvåg Ekrheim minna på dagens tilstand på delar av den aktuelle strekninga når ho køyrer til og frå jobb.
— Det er stopp kvar einaste dag, fortalde Etne-ordføraren.
Ho viste til at vogntog som møtest må heilt ned i fart og at på Håfoss bru må ein stoppe for personbilar. Etter pressetreffet i Haugesund tok Bergsvåg Ekrheim med seg stortingsrepresentant Lisa Marie Ness Klungland (Sp) til Etne. Der gjekk dei innom Taraldsøy Transport med kake for å markere dagen.
Høyr meir av dei lokale politikarane sine tankar her:
Fredag kom det også ein NTP-lekkasje i Bergen, kor samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) og finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) fortalde at K5, som er namnet på eit prosjekt med ny veg og togbane mellom Arna i Bergen og Stanghelle i Vaksdal, skal byggjast tidleg i første periode av planen (2025-2030). Prosjektet vil koste rundt 39 milliardar kroner og kan stå ferdig i 2034. Regjeringa legg fram heile NTP 22. mars.
Sjå korleis stortingspolitikar Terje Halleland (Frp) reagerer på Bakke-Mo-lekkasjen her: