Nyrørt blåbærsyltetøy er ein sikker vinnar til nysteikte pannekaker.
Foto: Anita Haugland
Bærsesongen er i gang!
Kva smakar vel betre enn litt nyrørt blåbærsyltetøy og pannekaker i ferien?
Det var en deilig sommerdag at Pelle sa til Kari, nå går vi ut i skauen for det er så mye bær, så får vi med oss Lillebror og Kjellemann og Mari, for det er nok å ta av, det er mange tuer der …».
Slik byrjar Blåbærturen» av Alf Prøysen. Grannar kan melde om at det allereie no er observert modne blåbær i distriktet. Store og fine er dei også. Kanskje får du lyst til å plukke blåbær, du også? Aktiviteten passar fint for både store og små, og løna i form av nyplukka blåbær plar vere gjev for dei fleste. Ein del av sjarmen er å smake undervegs, men bæra er også veldig gode i dessertar, kaker og syltetøy.
Sanketips