Anja Våg Skjold (38)(t.v) og Jane Eline Owe (35) (fremst i biletet) nyter sommarvarmen i Vikedal nede ved stranda. Det er dei ikkje aleine om, og til helga blir det vêr til å fylle oppstrendene i distriktet.
Foto: Sirianne Vikestad
Avkjøling i strandkanten
Bading og is, er to ord som kan bli velbrukte i helga. Sommaren er allereie godt i gong, og hadde det ikkje vore for klamme og sveitte morgonar under dyna, hadde vel ingen trudd metrologen då han melde om tropevarme denne veka. Ikkje berre har den uvanlege solsteiken sørgja for å setja farge på den bleike norske kroppen, men det uvanleg flotte vêret gjer badesesongen så mykje lengre enn den eine dagen me pleier å få. Det veit folk å utnytta. For ein veit aldri kva morgondagen bringer på Vestlandet.
Badeplassar i nærleiken
Meteorologane er spente på om varmerekordar ryk dei neste dagane. Vêrstasjonen i Vats målte 31,6 varmegrader i 2008. I går var det 28,9 grader midt på dagen.
Heldigvis har Vindafjord og Etne mange flotte badeplassar for store og små. Temperaturane kan til og med lokka den minst badeviljuge ut til avkjøling i fjorden.