Avhengig av nye pengar på bordet
Berge Kjell Opsal er langt frå åleine om å vente på at gravemaskinene skal dukke opp i Vikedal sentrum. Med ein ny prislapp på 65 millionar kroner, er det blitt uro om både miljøgate og gangveg til Søndenåfeltet.
Når vegeigar Rogaland fylkeskommune har sett av 42 millionar til Vikedal i handlingsplanen fram til 2021, så er det er det ein god slump pengar som manglar for å kunne gjennomføre prosjektet i tråd med reguleringsplanen.
Prosjektleiar Asbjørn Opedal i Statens vegvesen har difor blitt instruert til å presentere innsparingar som alternativ til å auke prislappen vesentleg.
Prosjektet i Vikedal har ingen bompengar å støtte seg til, og alt må inn på det fylkeskommunale invsteringsbudsjettet.