Aukande krav til dyrevelferd
Frå 1. juli i år skal alle svineprodusentar innlemmast i eit digitalt dyrevelferdsprogram for svin der helse og velferd blir registrert. For Oddlaug (47) og mannen Osmund (51) Birkeland i Ølmedal har registreringa føregått i mange år.
Det elektroniske dyrevelferdsprogrammet Helsegris er eit dokumentasjons- og oppfølgingssystem for helse, velferd og hygiene i norske svinebesetningar, som har vore tilgjengeleg for svineprodusentar digitalt sidan 2016. Systemet bidreg til å kvalitetssikra den daglege praksisen i svinefjøset som mellom anna skal sikra dyrevelferden for kvar enkelt dyr i besetningen.
Fram til i dag har medlemskap i Helsegris vore frivillig, men nå ynskjer kjøttbransjen at alle som driv med svin skal innlemmast i programmet som har fått namnet Dyrevelferdsprogrammet. Frå juli vil det bli innført trekk på 50 øre per kilo slakt for dei som ikkje er med i programmet og som ikkje oppfyller krava i programmet, og i tillegg er det innført bortfall av helsegristillegg for bønder som sel smågris. For ein stor besetning kan dette utgjera fleire hundre tusen kroner i året.
Strenge reglar