Skyss innfører ein ny rabatt for dei som betalar med Skyss-appen.ARKVIFOTO
Det blir neppe noko ekstra busstilbod frå Etne til Skånevik for å kompensere for at Ølensambandet blir lagt ned. Arkivfoto

Åtvarar mot skyss til båt

I lys av at Ølensambandet skal leggjast ned, vedtok fylkesutvalet i Vestland å utforske ei bestillingsrute med bil eller buss frå Etne til Skånevik som kompensasjon. Med ein berekna kostnad på 0,8 millionar kroner – halvparten av det snøggbåten til Utbjoa og Ølen kostar – oppmodar leiar for transporttilbod i Skyss, Gudrun Einbu, om at det ikkje blir gått vidare med planane.

Publisert Sist oppdatert

Ølensambandet

Før jul vedtok Rogaland fylkesting at snøggbåtsambandet mellom Bjoa, Ølen, Sunnhordland og Bergen skal leggjast ned i 2025.

Vestland sitt kollektivselskap Skyss driv sambandet, men Rogaland har betalt for at båten skal stoppe i fylket. Tilskotet har vore på 1,6 millionar kroner.

— Eit tilbod som skissert over, ville gje ei kopling mellom Etne og båten i Skånevik, knytt til pendling for skule og arbeid. Vurderinga er likevel at nytten av eit slikt nytt tilbod vil vere avgrensa, og at det ikkje vil stå i samsvar med den relativt høge kostnaden, skriv Einbu i ei saksutgreiing til hovudutvalet for samferdsel og mobilitet i Vestland.

I møtet til utvalet 21. og 22. mai var saka oppe som referatsak. Trude Brosvik (KrF) stilte spørsmål ved om det kunne vore mogleg å gjennomføre eit prøveprosjekt i eitt år med bestillingstransport, der ein brukte den lokale drosja – berre for å finne ut om det faktisk er eit behov, eller om det er noko ein berre foreslår fordi eit tilbod forsvinn.

— Eg leitar etter ei god ordning, men eg er jo einig i at 0,8 millionar er mykje når ein skal spare inn 1,6 millionar, sa Brosvik.

Direktør Anne Iren Fagerbakke for mobilitet og kollektivtransport i Vestland svara at fylket uansett vil måtte kjøpe ei teneste, og at dei derfor har vurdert det som vanskeleg å finne løysingar som er særleg mykje rimelegare enn det som blei presentert i saksutgreiinga.

Rogaland lukka døra

Bakgrunnen for saka er at Rogaland fylkeskommune i budsjettet for 2025 vedtok å slutte å gi tilskot til Vestland for at Skyss sin snøggbåt mellom Bergen og Sunnhordland også skal vere innom Ølen og Utbjoa.

Som følgje av Rogaland si avgjerd vedtok fylkesutvalet i Vestland i april at snøggbåten deira skal slutte å gå til dei to stoppa i Vindafjord. I same vedtak bad utvalet om å få ei sak om bestillingsrute med bil eller buss frå Etne til Skånevik.

Under møtet i april sa fylkesordførar Jon Askeland (Sp) i Vestland at han meinte det å be om ei sak om skyss nesten er som ei utsetjing – slik at ein kan sjå om det kjem noko utvikling i spørsmålet om Ølensambandet frå no til då. Han sa at ei eventuell utvikling frå Rogaland ville bli fanga opp i saksutgreiinga om skyss frå Etne–Skånevik. I Rogaland var det eit møte i fylkesutvalet same dag. Der avviste fylkesordførar Ole Ueland (H) i Rogaland moglegheita for at Rogaland kom til å snu.

På nettsida si skriv Skyss at det frå 1. juli blir ruteendringar på Sunnhordlandsruta. Blant anna står det at Ølen og Utbjoa ikkje lenger blir trafikkerte, og at reisande frå desse områda må vurdere alternative reiseruter. Næraste moglegheit blir kaien i Skånevik, som ifølgje Google Maps ligg 43 minutt med køyring unna Ølen hurtigbåtkai, og ein time og fire minutt unna kaien på Utbjoa.

Det er starta innbyggjarintiativ for å fylka til å sjå på saka på nytt i både Vestland og Rogaland.

— For dyrt

Til møtet for hovudutvalet for samferdsel og mobilitet i Vestland 21. og 22. mai var ei saksutgreiing frå leiar Gudrun Einbu for transporttilbod på vegner av Skyss klar. Ho skriv at ønsket om eit tilbod på landsida – som i nokon grad kompenserer for bortfallet av båttilbodet i Etne – også var drøfta i tidlegare møte mellom Skyss og Etne kommune.

Skyss har teke utgangspunkt i eit tilbod slik behovet vart skissert frå kommunen i dette møtet.

— Ved eit kutt i anløp til Ølen ønsker Etne kommune at det blir oppretta ei bestillingsrute frå Etne sentrum til Skånevik kai som korresponderer med tidleg avgang, og ei bestillingsrute som korresponderer med ettermiddagsavgangen (kl. 16.15), med retur til Etne sentrum frå Skånevik kai, skriv Einbu.

Følgande tilbod er dermed lagt til grunn:

  • Ny avgang frå Etne terminal kl. 04.10 med ankomst Skånevik kl. 04.55
  • Retur frå Skånevik kl. 05.00 til Etne kl. 05.45
  • Ny avgang frå Skånevik kl. 16.20 til Etne terminal kl. 17.10
Leiar Gudrun Einbu for transporttilbod på i Skyss.

Det er berekna kostnader for å etablere eit slikt tilbod som ei fast rute, og som ei bestillingsrute. Einbu opplyser at for ei fast rute vil kostnaden for å køyre dette tilbodet alle kvardagar vere i underkant av 0,8 millionar kroner.

Dersom ruta skal køyrast på bestilling, vil ein få ein fast kostnad for at transportmiddel og sjåfør er tilgjengelege for køyring, men kostnad for sjølve køyringa berre dersom ruta blir bestilt. Dette gjev ein årleg kostnad på mellom 0,5 og 0,8 millionar – avhengig av omfanget av bestillingar.

Einbu viser til at innsparinga ved reduksjon i rutetilbodet med båten var på om lag 1,6 millionar kroner.

— Å nytte mellom 0,5 og 0,8 mill. kr til eit avbøtande tiltak som dette er dermed ikkje tilrådd. Dersom tiltaket skal bli gjennomført, trengst finansiering gjennom friske midlar, avsluttar Einbu.

Powered by Labrador CMS