Tove Elise Olsen Frøland (Ap) er godt nøgd med at partiet er i posisjon og har fått varaordføraren. Ho tok det som eit fjør i hatten at Ap er størst i Ølen.
Foto: Jon Edvardsen
Ap får varaordføraren
Arbeidarpartiet og KrF blir med i den nye fleirtalskoalisjonen som dannar fleirtal for ein ny periode med Sp og Ole Johan Vierdal i ordførarstolen.
Steinar Skartland har vore varaordførar i åtte år, men no skiftar Sp hest på den fronten. KrF har derimot fått betalt med leiarvervet i begge dei politiske komiteane, for oppvekst og omsorg (Opom), og drift, utvikling og kultur (DUK).
Toppkandidaten til KrF, Gustav Fosse, får også plass i formannskapet.