Ordførar Ole Johan Vierdal i Vindafjord meiner det er trist dersom alle bompengane i regionen blir brukt i vest når bomfellesskapet Haugalandspakken blir erstatta av separate pakkar etter 2023. Foto: Jon Edvardsen
Ordførar Ole Johan Vierdal (Sp) håpar på meir liv på Dommersnes.

— Alt eller ingenting

Ordførar Ole Johan Vierdal (Sp) er positiv til ideen om å opprette eit aksjeselskap saman med private aktørar til å utvikle industriområdet på Dommersnes. Han trur heile det regulerte området på cirka 500 mål må takast i bruk.

Publisert Sist oppdatert

— Det er litt enten eller. Enten blir det full utbygging med full produksjon, eller så blir det ikkje noko, seier Vierdal.

Han viser til tilbakemeldingar frå interesserte aktørar, og at serieproduksjon av vindmøller til havvind vil vere svært arealkrevjande.

Nødvendig samarbeid

Eigarstrukturen med kommunen saman med private i det eventuelle selskapet, kjem til å bli eit sentralt tema i behandlinga av saka. Vierdal trur spørsmålet om korleis kommunen løyser potensielle situasjonar der eit slikt selskap er i konkurranse eller i ein tvist med eit anna selskap, der det er kommunen som må ta ei endeleg avgjerd, kjem til å bli ein diskusjon framover. For å få til aktivitet meiner han samarbeid blir heilt nødvendig.

— Me klarer det ikkje åleine, seier ordføraren.

Nyleg gjekk kommunen inn for å avvikle eit liknande selskap, nemleg Vindafjord Tomteselskap AS. Her eigde kommunen selskapet saman med Berge Sag og Trelast, Kalstveit og Vik, Omega AS, Vindafjord arbeidsgiverforum, Westcon, Ølen Betong og Haugesund Sparebank. Vierdal meiner samarbeidet fungerte godt, og at den tunge avslutninga skuldast at marknaden stoppa opp.

Ringverknadar

Med fokuset på det grøne skifte har grøn energi og havvindsatsingar, som eksempelvis Utsira Nord, vore i skotet i den siste tida. Vierdal meiner det er viktig at Vindafjord er på banen.

— Dette er kanskje eit nytt eventyr, seier ordføraren.

Det er utfordringar på vegen, eksempelvis må kommunen via Statsforvaltaren dersom dei skal regulere enda meir enn det området som er regulert i dag, men Vierdal har stor tru på havvindsatsinga på Dommersnes. Han meiner det vil ha stor betydning for Vikebygd om satsinga lykkast, og har fått positive signal frå bygda.

— Satsinga kan ha ringverknadar for butikkar, tilflytting og leige av hus og hyblar. Vikebygd er ein flott plass med sjø og kan bli enda meir attraktiv, trur Vierdal.

Med stor utbygging og aktivitet meiner Vierdal at vegsituasjonen må sjåast på, noko som allereie er blitt gjort i form av nokre vegforbetringar på Bjoavegen, Fv543. Han håpar vegen vil klatre på fylket si prioriteringsliste og at det kan bli breiddeutvikling, men understrekar at det framleis er langt fram.

— Det ein treng i Vikebygd er ein veg med gul stripe, meiner ordføraren.

Han ser at veldig omfattande industri kan ha nokre nedsider, eksempelvis støy og lys, men understrekar at Vindafjord har erfaring med å takle industri.

Powered by Labrador CMS