— Eg har aldri opplevd så mykje vind. Me må vera glad at ikkje folk kom til skade, seier Anne Elin Ljusnes Sævareid og kikkar bort på restane etter den gamle løa som nå ligg i ei røys like ved bustadhuset på Frette.
Deler av taket på den 150 kvadratmeter store løa har stoppa berre centimeter frå det eine stoveglaset i bustadhuset, medan resten av tak og vegger har landa i tunet. Ein firhjuling som stod inne i løa ligg flatklemt under dei solide takstokkane og isolasjon og trematerial ligg strødd nedover bakkane.
— Løa blei bygd like etter krigen og har stått støtt i all slags vêr. Det var ei stor fin løe, seier ho.