Aktiv dag for store og små
Sist måndag ver det offisiell opning av Bygdahuset i Vindafjordhallen med spesielt inviterte på gjestelista. Og sidan har det gått slag i slag med aktivitetar og arrangement for små og store nesten kvar einaste dag, før opningsveka blei avslutta med søndagsmiddag og familiedag. Familiedagen samla smekkfullt hus og både barn og vaksne let seg imponera over det flotte huset som rommar både bygdehus og svømmehall.
— Det er første gong me er her. Det er blitt knallfint. Nytt og fint, med lyse og fine lokale. Og me gler oss til å bruka bassenget, seier Olaug Urdal som er ein av mange vatsbuar som har funne vegen til den nybygde hallen denne søndagen.
Og ho er ikkje aleine om å dra fram superlativa når ho skal beskriva det ho ser. Både barn og vaksne let seg imponere over det flotte bygget som har reist seg frå oskehaugen.