Adventssamling
Førstkomande laurdag byr kvinne – og mannsforeininga i Ølen inn til Adventssamling» på Kyrkjetunet. Me syns det er fint å stansa opp no i denne viktige adventstida – og på den måten ha fokus på det me ventar på: Jesu fødselsfest! Til kvelden har me invitert Roar Vik til å halda andakt. Han vil vera kjend for dei fleste som NMS sin forkynnar her i vårt område. Med seg har han eit kor frå Åkra menighet» på Karmøy, som har det fine namnet Sola gratia». På godt norsk: Nåden åleine». Det er eit kor for vaksne med ca. 15 koristar. Songprogrammet dei skal framføra, har dei kalla Nådekveld». Dirigent er Irene Bergtun og Sture Tveit er pianist. Som vanleg vert det servering – og til slutt ein mini-basar.
Me ser fram til ein spennande og inspirerande kveld
Ole A. Aadland