Steinar Aalvik
Steinar Aalvik

På tampen

Å vera ein avvikar

Publisert Sist oppdatert

Eg har hatt eksternrevisjon av gardsdrifta mi. Eller, det var vel helst tidleg i vår at revisoren stod på tunet. Eg vart avkledd som ein avvikar. Det var denne velferds/kalvingsbingen som skulle vore på plass for halvanna år sidan. Ja, så var det denne vassprøven, og ein avfallshandteringsplan, og ein vernerunde eller to, og silotalja, sjølvsagt. Dessutan hadde eg ikkje fått veslebror min til å skriva under på at eg har vist han korleis han skal bruka ein fôrhaustar som han har slege med i førti år. Det skein nok tydeleg i gjennom at det er så som så med motivasjonen hjå denne gardbrukaren i Gamlatræ, så eg vart velsigna med mykje lenger tidsfrist enn det som var forsvarleg, dersom me skulle lukkast med å halda oppe tilliten til norsk landbruk. Men no er det berre to dagar att av denne tidsfristen, og enno er det tre avvik som er definerte som opne.

Eit av desse avvika har dessutan auka til eit dobbeltavvik, då eg har hatt besøk av dyrevelferdsprogrammet etter at revisoren var her. Det er denne velferds/kalvingsbingen det dreiar seg om. Her kan ingenting nemnast i formildande retning. Me har fått rikeleg med informasjon i årevis. Etter at eg la ned svinehaldet for ti år sidan, har eg av og til gått inn i ein tom grisabinge og sagt til meg sjølv at dette skal verta ein kalvingsbinge. Av og til har eg med meg ein to-meterstokk, som eg står der og brettar litt på, medan eg ser meg rundt, før eg går ut att. Ein dag eg var i retteleg storform tok eg eit mål. Målet vart 318, eit mål som er lett å hugsa då det er det same som kubikktommane i ein svært vanleg amerikansk V8 motor.

Etter som tidsfristen stadig nærmar seg, har eg tvinga meg til å saga litt i gamal betong med ein vinkelslipar, men det var eit forferdeleg drittarbeid. Så kopla eg vatn på vinkelsliparen. Då vart det eit forferdeleg søl. Så har eg prøvd å meisla litt med eit leikety frå Biltema, men slikt vert det lite og ingenting av. Eg har prøvd å slå med ei sleggja, med det vart eg fort lei av. Men no har eg lånt meg ein 15 kilos meisel frå Jula, og ei Stihl sag med eit digert diamantblad på, så over helga skal me sjå om det ikkje vert litt meira dreis på sakene. Kanskje heile huset ramlar ned. Det beste er godt nok.

Steinar Aalvik

Powered by Labrador CMS