Å veksla nokre ord
Kor mange avkom har dei, alle desse tremenningane mine. Er dei som havsens sand, eller stjernene på himmelen. Neppe, men eg vil tru det passerar eit hundretal, med ein viss margin. Eg har lagt merke til at ein av desse går gjennom tunet her av og til. Det er ikkje noko gale med det. Det gjer ingenting. Det er heilt i orden, men eg har fått føre meg at det skjer litt oftare enn det eg har vore vane med. Eg har nå ein gong det lyte, at eg av og til må gapa or meg eitkvart med varierande underhaldningsverdi. Ein kveld eg sat på Ferguson-en, klar til å køyra inn eit silohiv, kom denne sonen til tremenningen min gåande forbi. Eg ropte etter han, om han angra på at han ikkje tok over garden. Han kom borttil, og me fekk oss ein liten prat om telefonstolpar, og linjene mellom dei. Om septiktankar, interkommunale selskap, kommunal forvalting og elles alt godt som i verda er til. Så var det Hei og ha det», han gjekk vidare, og eg sat att, aldeles uvitande om at han hadde ei dødssjuk kona heima. Uvitande var eg heilt til eg nokre dagar seinare sat i ein frisørstol, for å kosta på meg ein sommarsveis, og fekk vita at no var det over. Hadde eg visst noko, der eg sat på traktoren, hadde eg nok avgrensa meg til eit avmålt nikk, og eit lite Hei».
Han der Søren Kierkegaard filosoferte seg visstnok fram til at det finnes ikkje eit problem så innfløkt, eller ei sorg så tung, at det ikkje let seg gjera å gå det av seg. Nå har livet fare tolleg fint åt med meg, så langt, men det hender eg må ut å gå. Stundom går eg rundt Åsen. Av og til vert eg innhenta av summande el. bilar. Bak dei mørke rutene sit det nok folk, men eg veit ikkje kven dei er.
Ivar Aasen song om den gamle grendi, Var der nokon som der leid vondt, og vart for tap og spilla. Brått det spurdest den heile grend, og alle tykte det var illa». Grenda er der nok enno, for den som er logga på, og kanskje kan det vera greitt nok og, å få veksla nokre ord med ein tremenningen til far sin, om all verdas trivialitetar. Ein som ikkje veit noko. Eg veit ikkje, det er så mangt ein ikkje veit.
Steinar Aalvik