Inga-Cecilie Sørheim. Foto: Privat
Inga-Cecilie Sørheim.

På tampen

Å stå på sterke skuldrer

Aldri hadde eg vel trudd den dagen skulle komme. Dagen då eg plutseleg såg på sjølvaste Valgerd Svarstad Haugland som eit feministisk fyrtårn. Åstaden for denne overraskande vendinga var Politisk kvarter på NRK for nokre veker sidan, då den tidlegare KrF-leiaren debatterte mot KrF sin påtroppande ungdomsleiar. Ei generasjonskløft der, altså. Og eg innrømmer gjerne at eg sympatiserte med senioren.

Har likestillinga gått for langt? Debatten har rulla og gått ei stund, særleg blant dei unge og konservative. Påtroppande KrFU-leiar har gått så langt som å seie at norsk likestillingspolitikk er totalt feilslått og har gått ut på dato». Tematikken blei ytterlegare belyst under Debatten på NRK, der unge konservative kvinner – den eine ikledd husmorforkle – debatterte mot dei sjølvutnemnde gamle hurpene». Dei unge konservative kvinnene er inspirerte av tradwife»-trenda, som framhevar tradisjonelle kjønnsroller med heimeverande mødrer som tar seg av hus og barn. Kvinner tilbake til kjøkkenbenken? Kanskje ikkje, men dei vil vere lenger heime med barna, auke statusen til omsorgsarbeid, og vil ikkje at staten skal blande seg inn i fordeling av foreldrepermisjonen. Dei er imot all form for kvotering. Dette trengs ikkje lenger, meina dei.

Heldigvis tok dei gamle hurpene» – og merk at eg brukar det som eit heidersmerke her – til motmæle. Er dei unge heilt historielause? Som ei av dei sa; det er ingenting som kjem rekande på ei fjøl». Nettopp. Alle dei velferdsgodane og rettane me nyt godt av idag, er kjempa fram steg for steg over fleire tiår. Er dei unge så velferdsmette og privilegerte at dei tar dette for gitt? Eller har dei forstått noko som me vaksne ikkje klarar å sjå? Dei unge representerer typisk ein motreaksjon mot det etablerte, og i dette tilfellet ser dei på oss vaksne og tenker; slik vil me ikkje ha det. Generasjon Z har kanskje sett nok stressa og utbrente foreldre som slit med å få tidsklemma til å gå opp.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS