Steinar AalvikFoto: Atle Aas
Steinar Aalvik

På tampen

Å rangera sine år

Publisert Sist oppdatert

Om eg no skulle setja meg ein strek, laga ei liste og rangera alle desse åra eg har svive ikring på jorda, ville dei to åra på Tveit Jordbruksskule koma høgt opp på den lista. Ei synfaring ville fort slå fast at det var vel så god dreis på drifta den tid då folk utan dokumentert formel kompetanse styrde ståket, men to år med trivsel før ein sælar på seg bondeåket, må vera vel unt.

Om det var så at dei hadde ei ordensmannsordning ved denne fylkeskommunale institusjonen, eller om eg berre var rekna for å vera god å be, skal vera usagt, men ein dag eg stod i daglegstova og hang, kom det ein lærar bort til meg. Han ville at eg skulle vera med ned i biblioteket, nokon hadde utøvd hærverk der. No var det ikkje så gale. Det som truleg hadde skjedd var at ei eller anna velmeinande sjel hadde sett to glas på vid opning for å velsigna studerande bondeaspirantar med mykje og oksygenrik luft, til å pusta i. Så hadde det vel kome ei vindflaga og sopt ein reol fri for ymse tidsskrift og spreidd dei ut over golvet.

Oppgåva mi var å lukka vindaugo, og å plukka desse blada opp frå golvet og setja dei på plass i reolen. Eitt av desse blada, eg kan ikkje akkurat seia kva blad det var, men det kan godt ha vore Jordvett» eller Herba», låg oppslege der på golvet og synte fram ein illustrasjon. Det var av det som me i dag må kalla ei melaninrik dama. Ho hadde eit barn surra fast på ryggen i eit sjal. Ho gjekk der under ekvators sol og hakka i jorda med ei hakke. Dette jordbruket som ho dreiv med, kasta av seg fem gonger den energien som ho tilførte. Den andre teikninga var av ein storbonde frå den industrialiserte delen av verda. Han hadde stor traktor og moderne reiskapar. Hans jordbruk kasta av seg ein femtedel av den energien som vart tilført.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS