På tampen
Å hamna på skråplanet
Eg veit ikkje heilt kor han kjem frå, denne hangen til å stilla seg opp under lampaljoset, framfor folk, og gjera seg til. Eg meiner å ha lese om fleire slike med hang til det halvskjerre og asosiale, som lett rotar seg borti artisteriet. Som før nemnd var det i ein femtiårdag for 34 år sidan, at eg første gongen reiste meg opp og sa eitkvart. Seinare har eg meir eller mindre uforvarande vore borti mang slags merkelege situasjonar. Sist fredag var eg med Eikanesane på ein kyrkjekonsert i Saudasjøen kapell. Eg var vel ikkje altfor godt førebudd, og kjende at det lugga litt her og der, og at eit og anna poenget gjekk fløyten. Men det var mykje blide folk å sjå, me vart vel fagna, og kom tolleg bra frå det. Etterpå var det kyrkjekaffi med flatkaker og syltetøy, og mykje skryt og vellæte.
Det var ein lokal variant av Olav Thon der. Han hadde kjøpt opp fleire kvartal av hovudgata gjennom Saudasjøen. Han baud på husrom og kveldsmat. Mongolsk gryterett av lam. Lammet var veterinærale og hadde levd livet sitt på solsida av Etnesfjorden. For at det skulle verta meir enn nok, var det speid på med ein veterinærslakta stut, som var fødd og oppalen på Mo i Etne. Det var eit heilt lag som var samla der, og me hadde vel det som emissærane kalla ei god stund». Men somme måtte heim og andre hadde badnet med seg, så natta var enno ung då laget gjekk i oppløysing. Badnet med sine føresette skulle bu i det raude huset, guten i gamlebanken og veslebroren og eg vart tildelt kvart vårt rom på lemen, der selskapet hadde vore. Verten trekte seg attende til seg sjølv, dei andre gjekk og la seg. Sjølv sat eg der åleine i mørkret og drakk.
Me hadde for så vidt rydda bordet i fellesskap, så det såg nokolunde skapleg ut. Men det stod att to opna boksar, ei flaske og nokre glas. Eg strekte ut ein lang arm, og tok til meg ein kvit boks som det stod Hansa og ein null på. Eg forstod at denne boksen inneheldt eit produkt som var handsama på eit vis som gjorde at det var fritt for all verdas vondskap, inkludert gluten, og kunne såleis nytast av så vel gravide som ammande, og førar av motorvogn likeeins. Eg slo innhaldet i eit glas, og hadde det i meg i verdige former, og kom til at dette var absolutt drikkandes. Det stod ein boks til der. Det var ein standar grøn Hansa pilsner. Eg tok til å undra meg på om det var noka større skilnad på det originale produktet, og denne kastraten, som eg nett hadde sett til livs, så eg drakk den og. Rett nok er erfaringsgrunnlaget spinkelt, men om nokon fann for godt å setja meg på ein blindtest, hadde eg neppe vore kar om å seia kva som var kva. Eg kjende heller ikkje noka sterk trong til å briska meg, blesa meg opp eller gjera usømelege ting. Det stod eit glas på bordet med ein liten slant vin på botnen. Eg drakk det og, i same farten, og tankane gjekk til dei gode gamle dagane, då heggen enno stod på Purkehaugen. Det hende år om anna, at eg togg på eit heggebær. Nei, den vinen kan dei berre ha for min del. Det der ølet derimot, kan eg lett fått eit botnalaust forhold til, om eg ikkje snarast finn vegen attende til den smale stien min.
Turnèlivet kan vera hardt
Steinar Aalvik