Steinar Aalvik
Steinar Aalvik

På tampen

Å gle seg over urett

Eg veit ikkje nett kva tid telefonen kom til gards, men det kan ha vore på femtitalet ein gong. Apparatet stod på ei hylle i gongen, ein kasse med sveiv på sida. Framsida var pryda med Televerket sin logo, og oppå der kvilte eit svært bakelittrøyr med både mikrofon og høgtalar. På veggen over var det skrudd fast ein vendebrytar, alt montert høgt nok til at det skulle vera utilgjengeleg for born. Det var vel tidleg på åttitalet at telefonsentralen vart automatisert. Mange gode kvinnearbeidsplassar gjekk då fløyten, og monsteret i gongen vart erstatta med ein slik grå sak, med dreieskive. Seinare kom det tastafon i stova og, og slik var det heilt til for ti år sidan då siste grandtanta flytta på sjukeheimen, og tok telefonen med seg. Så vart heile det analoge telefonsystemet forelda, og pålar og linjer står og heng, og er utan nytteverdi, og berre til plaga, om ikkje for folk flest, så i alle fall for meg.

Heilt sidan eg raserte hagen til Sigvalds-anno og la området inn under drifta, har spesielt ein påle vore ei sann plaga. For ei tid sidan kom ein kar til gards. Han kunne fortelja at alt dette gamle rasket skulle fjernast. Oppgåva hans var å kvalitetssikra pålane for å finna ut om det var forsvarleg å klatra i dei når dei skulle fjernast. Det fann han fort ut, og velsigna pålen med eit lite skilt. Så fortalde han at han var sjølvstendig næringsdrivande og arbeidde på akkord, så han hadde ikkje tid til å snakka meir med meg, og strauk vidare til neste påle.

Seinare har det vore framme i redaktørstyrte media at desse pålane og linjene snart skal fjernast av slike som er kompetente og kvalifiserte til slikt, og at det er viktig at bønder og den slags ikkje tek seg til rettes på noko vis. Skulle det vera nokon som ser seg mun i gamle telefonpålar, og vil nytta slike til noko dei har funne på sjølve, er det berre å gløyma, for slike pålar er fulle av kreosot og må handsamast som spesialavfall. Sikkert vel og bra alt dette, men denne pålen han nå stått der som ein torn i lekamen min i lang tid. Eg har gått her og sett på han frå fleire vinklar, og tenkt mitt. Så var det ein dag her i vår. Eg kom til å finna fram Stihl-saga. Skam og seia er det første gongen vinteren 24-25, at eg har drege saga i gong. Felleskoret vart nesten perfekt, og pålen fall nett slik eg ville. Linja kveila eg opp og hengde på pålen nede ved elva med rundballetau. Stubben som stod att lirka Hymas-en litt med, så fekk stubben ein slings rundt seg, og laut forlata dette holet han hadde hatt så lenge. Eg fylte holet med singel, og kjende meg nøgd. Pålen drog eg ned på melandselvas breidd.

Eg kan nok ikkje vri meg frå dette brotsverket med å skulda på aktløyse. Ugjerninga er både vilja og planlagd. Kva sanksjonar eg har i vente, står att å sjå.

Førebels går eg omkring på farsgarden og gler meg over denne uretten, som eg har gjort meg skuldig i.

Powered by Labrador CMS