60 millionar til biogassproduksjon i Etne
Enova støttar Renevo AS si etablering av eit nytt produksjonsanlegget for biogass i Etne med 60 millionar kroner. Det vil også bli produsert flytande biogen CO2 ved anlegget.
Dette opplyser Enova i pressemelding torsdag.
— Dette er eit prosjekt av industriell skala, som har potensial for å bli eit førebileteprosjekt for bransjen. For Enova er det vesentleg at dei innovative teknologiane eller løysinga som inngår i prosjekta kan spreiast i marknaden og bidra til auka lønsemd, seier Oskar Gärdeman, Enova sin marknadssjef for vare- og energiproduksjon.
Administrerande direktør i Renevo, Jan Kåre Pedersen, er glad for støtta frå Enova.
— Me er glade for at Enova ser vårt prosjekt som så interessant at dei har valt å støtte oss. Dette vil bli eit viktig industrielt referanseprosjekt for framtidige biogassutbyggingar, og ein stor motivasjon for vidare arbeid i Renevo, seier Pedersen.
Andre anlegg
Renovo leverer i dag naturgass til så vel private som aktørar i næringslivet. På Stord er dei i full gang med eit anlegg. Her blir det også bygt eit anlegg for biogassproduksjon. Erfaringar og kunnskap frå dette prosjektet har vore sentrale i utforming av biogassanlegget i Etne-prosjektet. Selskapet har til saman fått 110 millionar av Enova til prosjekta i Etne og Stord.
— Tildelinga frå Enova er utløysande for prosjektet Etne. Støtta frå Enova i form av tildelinga er også avgjerande for at Renevo nå vel å gå i gang med detaljplanlegginga av biogassanlegg nummer tre i Renevo sin regi, seier Pedersen.
Teknologien er den same for begge anlegga. Kjerneelementa er reaktorar frå det norske selskapet Antec AS samt integrert oppgradering og flytandegjering av biogass og CO2 som blir levert av det franske selskapet Cryo-Pur.
Bruttoproduksjonen for anlegget i Etne blir rekna til å bli cirka 109 GWh, mens om ein trekkjer ifrå energiforbruk i prosessen er netto energiresultat rekna til 93 GWh/år.
Innovative prosjekt
Enova er ein pådrivar for at Noreg skal nå klimamåla for 2050. Det gjer Enova gjennom å støtte dei som går framfor i teknologiutviklinga. Biogass har vore eit satsingsområde for Enova lenge og nyleg spissa Enova programmet Støtte til biogass» mot innovasjon.
— Vårt program Støtte til biogass» er retta mot aktørar som har innovative løysingar og gjennomføringsevne. Prosjekta skal i stor grad vere gryteklare». Det er Etne-prosjektet eit godt eksempel på trass i at det er støtta på det gamle programmet, seier Gärdeman.
Renovo melder i ein eigen pressemelding at dei planlegg å bygge til saman ti biogassanlegg i Noreg. Igangsetting av prosjekt nummer to i Etne medfører at dei startar detaljplanlegginga av anlegg nummer tre. Målsettinga er å produserer ein TWh innan fem år.
Stor produksjon
Biogassanlegget i Etne vil bli tilnærma dobbelt så stort som biogassanlegget til Renevo på Stord. i Etne-anlegget skal produsere energi i storleik rundt 115 GWh. Til samanlikning skal biogassanlegget på Stord produsere 60 GWh.
Biogassproduksjonen i Etne vil dekke det årlege energibehovet til 690 biogassbilar eller 379 biogassbussar. Alternativt kan produksjonen erstatte 10 prosent av tungolja eller 10 prosent av naturgassen som vert brukt i innanriks sjøfart.
I tillegg til biogass vil anlegget produsere flytande bioCO2 frå rågassen, og biogjødsel frå restråstoffet. Rammeløyve for bygging er på plass og Renevo går i gang med graving til sommaren/hausten. Det forventast gassproduksjon rundt eit år etter byggestart.
Godt motteke
Tilgang til husdyrgjødsel og kaifront har vore avgjerande for vala av plassering for anlegget. Produksjonen vil hovudsakleg bestå av husdyrgjødsel og fiskeavfall, men også slakteri- og matavfall er aktuelle innsatsfaktorar i produksjonen.
Renevo opplever å ha blitt godt motteke i Etne.
— Me er blitt veldig godt motteke i Etne. Bøndene er imponerande driftige, og dei ser at det ligg mange gevinstar i eit samarbeid med eit biogassanlegg, både økonomisk og med omsyn til klima. Også møte med kommunen har vore veldig positivt, seier Pedersen.