05-21-covid-19 korona

489 nye koronasmitta personar registrert siste døgn

NPK-NTB: Det siste døgnet er det registrert 489 koronasmitta i Noreg. Det er 163 fleire enn same dag førre veke og det høgaste talet på nye smitta på ein søndag sidan første påskedag 4. april.

Søndag 4. april i år vart det registrert 652 nye smitta her i landet.

Dei siste sju dagane er det i snitt registrert 620 koronasmitta per dag. Tilsvarande snitt for sju dagar sidan låg på 521, så trenden er stigande.

I alt har 148.826 personar testa positivt for korona i Noreg sidan februar i fjor.

Fredag var 37 koronapasientar innlagde på sjukehus. Det var fem fleire enn dagen før.

Førebelse tal viser at 811 koronasmitta personar er døde i Noreg sidan i fjor.

Oslo

Det er registrert 110 nye koronasmitta i Oslo siste døgn. Det er 51 fleire enn same dag førre veke.

Nesten to av tre av dei 1.628 personane som er registrerte smitta i Oslo dei siste to vekene, er under 30 år gamle.

Smittetala er høgast i Alna bydel, som har eit smittetrykk på 416 smitta per 100.000 innbyggjarar dei siste to vekene. Bydelen registrerte 25 nye smitta det siste døgnet.

Deretter følgjer Stovner med 384 og Søndre Nordstrand med 383. Smittetrykket er lågast i bydelane Ullern og Nordstrand, der tala er høvesvis 127 og 145.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS