Utstyr for koronatesting. Foto: Jil Yngland / NTB / NPK
Utstyr for koronatesting.

475 nye koronasmitta registrert siste døgn – høgaste tal sidan slutten av mai

Vi må tilbake til 26. mai for å finne eit høgare tal på smitta registrert på eitt døgn. Då låg det på 499.

Dei siste sju dagane er det i snitt registrert 338 koronasmitta per dag.

Tilsvarande snitt for sju dagar sidan låg på 227, så trenden er stigande.

Auke i fleire byar

Ved midnatt natt til onsdag var det utført 6,5 millionar koronatestar her i landet sidan februar i fjor. I alt har 138.740 personar testa positivt.

Smitten held fram med å auke raskt fleire stader i landet, mellom dei i Oslo, som også tidlegare har vore det klare episenteret i Noreg. Tysdag vart det stadfesta 311 nye smittetilfelle på landsbasis og 72 nye i hovudstaden. Også i Bergen er det høge smittetal med 48 tilfelle.

Ser noko liknande som i Europa

Store delar av Europa er ein inne i ei fjerde smittebølgje, og assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad sa tysdag til NTB at ein ser starten på noko liknande òg her.

– I Noreg ser vi òg starten av ei bølgje som førebels blir utgjort av isolerte utbrot og som vil vekse dersom utbrota ikkje kjem under kontroll ganske snart. Kva konsekvensar ei ny smittebølgje får, avheng av kor mange som blir smitta og blir vaksinert dei neste vekene. Førebels ser vi ikkje teikn til fleire innleggingar på sjukehus, men dette kan endre seg, seier han i ein e-post.

1,8 millionar fullvaksinert

Til no har 3.602.599 personar fått første dose av koronavaksinen, og 1.823.386 personar har fått andre dose.

Tysdag var 19 koronapasientar innlagde på sjukehus. Det var to fleire enn dagen før.

Til saman er 799 koronasmitta personar døde i Noreg sidan mars 2020, viser FHIs tal. Om pasientane har døydd av eller med covid-19, er ikkje alltid mogleg å slå fast.

57,9 prosent av alle døde har fylt 80 år. I aldersgruppa under 50 år er det meldt om 17 dødsfall i Noreg.

(NPK)

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS