Anne Lise Mortveit i Skjold set stor pris på sommarblomen frå Grannar. Blomen får ho for iherdig innsats for speidaren i 45 år. Foto: Grethe Hopland Ravn
Anne Lise Mortveit i Skjold set stor pris på sommarblomen frå Grannar. Blomen får ho for iherdig innsats for speidaren i 45 år.

Grannarblomen

45 år i leirbålskappa

Anne Lise Mortveit (56) frå Skjold har 45 år med speidarhistorie på både bryst og rygg. Leirbålskappa og dei påsydde merkene, speglar reisa hennar som speidar og leiar. Ei reise som fortener Grannar sin sommarblom.

Publisert Sist oppdatert

Denne veka er det Anne Lise Mortveit som er mottakaren av Grannar sin sommarblom, og tipsaren fortel om ei engasjert dame som har tilbrakt bort i mot heile livet i speidaren.

— Eg var 11 år då eg starta i speidaren, men både mor og far var engasjerte speidarar før det. Dei var frå Sokndal og det blir sagt at alle barn i Sokndal blir fødde med speidarskjerf rundt halsen, seier 56-åringen.

I speidaren likte ho seg godt, noko som leirbålskappa er eit bevis på. Ei slik kappe har dei fleste speidarar, og for kvar leir dei er med på får dei eit nytt merke dei kan sy på kappa. Kappa til Anne Lise Mortveit er full av merke både på brystet og på ryggen etter 45 år som aktiv speidar og leiar.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS