Kommuneval 2023
300 Skjold-elevar fekk læra om demokrati
Alle klassar var med då Skjold skule arrangerte ei demokrativeke som blei avslutta med avstemming fredag. Michelle Nordtveit (13) og Leona Vik (13) var blant dei mange elevane som naut ei veke med praktisk læring.
— Det har vore veldig kjekt og me har lært veldig mykje, blant anna om dei forskjellege partia, fortel Michelle Nordtveit (13) og Leona Vik (13).
Dei laga ein film om ein partileiardebatt, der elevar var skodespelarar i roller som partileiarar.
Ute blant dei frivillige
Demokrativeka blei opna av ordførar Ole Johan Vierdal på måndag. Han synest det var koseleg å få opne veka for 300 deltakarar, og roser barna frå fem til 15 år for å sitte å følgje godt med.
— Eg trur dei lærte litt. Skulen skal ha skryt for å våge å ta tak i eit slikt tema, seier ordføraren.
Sjølv fekk han reklamert litt for kommunestyret og ungdomsrådet. Gjennom veka har elevane fått ta tak i fleire aspekt ved demokratiet, både på skulen og gjennom utfluktar.
— Dei har fått jobba med frivilligheita i skulekretsane Vats, Vikebygd og Skjold. Elevane har reist ut og sett kva dei frivillige gjer i organisasjonar som blant anna 4H og Skjoldar IL, fortel inspektør Helge Stavenes.
Han opplyser at elevane kom tilbake og laga plakatar og noko digitalt om det dei hadde lært. Ei gruppe var ute og såg på spesifikke utfordringar der dei bur.
— Eg trur at det har vove bevisstgjerande for ein del elevar, seier Stavenes.
Over all forventing
I tillegg til oppsider med demokrati og demokratiske bevegelsar som frivilligheita, fekk elevane også lære om potensielle truslar. Stavenes meiner at arbeidet med kunstig intelligens og betydninga av den var ein stor vekkjar for mange elevar. Også konspirasjonsteoriar var i fokus.
— Det er veldig viktig at elevane veit kva konspirasjonsteoriar er, seier inspektøren.
Stavanes synest elevane hovudsak jobba kjempegodt og at demokrativeka gjekk over all forventning.
På fredag var det ei utstilling av arbeidet dei hadde gjort gjennom veka i Skjold Arena med plakatar, videoar og partistandar rundt om i ein stor sal. Dei som sat på stand kledd i klede for å representere eit parti trengte ikkje nødvendigvis å sympatisere med partiet, men fekk opplevinga av å organisere og sitte på stand. Blant desse var Karen Blikra-Ohm (15) og Suways Mohamed Siyad (15) som sat på KrF-stand.
— Det har vore kjekt å sitte på stand, fortel Blikra-Ohm.
Ho trur ikkje at ho kunne tenke seg å stå på ei valliste sjølv når ho blir vaksen.
Organiserte stemminga
Ein naturleg del av eit demokrati er val. På fredag var det tid for stemmegiving i eit vallokale på Skjold Arena. Lokalet og avviklinga var laga til av elevrådet på skulen, som fungerte som valfunksjonærar.
— Det har gått veldig fint å ta imot stemmer, fortel Sindre Hustoft (15) som sat ved stemmeurna saman med Mathias Velde (15).
Dei fortel om møter i elevrådet og med vaksne for å bli klar til valdagen. I vallokalet blei elevane som skulle stemme møtt av eit sekretariat av Heine Tjoflot Nes (13), Inger Marie Velde (14) og Antonina Wybraniak (14) før dei fekk øve seg på si framtidige borgarplikt. Blant dei som la stemmesetelen si i urna var Anne Marie Dalsland (11). Ho kan tenke seg å stå på ei valliste når ho blir stor.
— Eg er ein generelt engasjert person, seier Dalsland.
Demokrativeka blei avslutta med teljing av stemmene og valvaker i klasseromma.