81-20-korona covid-19 illustrasjon

2.478 nye koronasmitta registrert siste døgn

NPK-NTB: Det siste døgnet er det registrert 2.478 koronasmitta i Noreg. Det er 695 fleire enn same dag førre veke. Døgnet før var talet 2552 smitta.

Dei siste sju dagane er det i snitt registrert 1.761 koronasmitta per dag. Tilsvarande snitt for sju dagar sidan låg på 1.505.

Onsdag var 219 koronapasientar innlagde på sjukehus. Det var éin meir enn dagen før.

58 av pasientane ligg på intensivavdeling, og blant dei er 35 på respirator. Det er seks fleire på intensiv og to fleire på respirator samanlikna med dagen før, ifølgje Helsedirektoratets oversikt.

I alt har no 233.879 personar testa positivt for covid-19 i Noreg.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS