Bli abonnent – få full digital tilgang!
OL-tilbod: Kun 1 kr ut mars!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Even Graff Westerveld, June Graff Westerveld og barna Anna (4) og Carl (8) var bøsseberarar på Nordstrand i Oslo. Foto: Naina Helén Jåma / NTB / NPK
Even Graff Westerveld, June Graff Westerveld og barna Anna (4) og Carl (8) var bøsseberarar på Nordstrand i Oslo.

243 millionar til TV-aksjonen

NPK-NTB: Så langt har årets TV-aksjon – til inntekt for Plan – fått inn 243,3 millionar kroner. Dette er den høgaste summen nokon gong ved avslutninga av sendinga.

Det opplyser organisasjonen seint søndag kveld.

— Eg er utruleg takksam for alle som har bidrege til arbeidet vårt for å kjempe mot barneekteskap, seier Kari Helene Partapuoli, generalsekretær i Plan International Noreg.

Pengane som blir samla inn i år, går til arbeidet mot barneekteskap.

Regjeringa har gitt 50 millionar kroner.

— Barneekteskap svekkjer tilgangen jenter og kvinner har til helsetenester, tek frå dei moglegheita til utdanning og gjer det vanskeleg å delta i samfunns- og arbeidslivet, seier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap).

Svalbard står for den største gjennomsnittssummen per innbyggjar med 564,20 kroner. Så følgjer Utsira med 413,07 kroner og Træna med 270,77 kroner. For landet samla sett er snittsummen per innbyggjar 45,11 kroner, ifølgje oversikta.

Av fylka ligg Rogaland på topp, med 54,78 kroner per innbyggjar i gjennomsnitt, følgt av Vestland (48,70 kroner) og Innlandet (47,48 kroner).

Den største summen som har komme inn ved ein TV-aksjon, var i 2014, med 253 millionar kroner. Då hadde Kirkens Nødhjelp aksjonen med temaet Vann forandrer alt».

Etne slo Vindafjord

Grannar: Lokalt hadde Etne kommune hakket betre resultat enn Vindafjord.

Ifølgje tala på blimed.no kom Etne på 102. plass i landet med 235.873 kroner innsamla, som gir 58,20 kroner per innbyggjar. Det gir 23. plass i Vestland.

Vindafjord som i år gjennomførte aksjonen utan bøsseberarar, fekk inn 403.739 — eller 46,38 kroner per innbyggar. Dette gir 200. plass i landet og 20. plass i Rogaland.

Powered by Labrador CMS