Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Folk i kø for å teste seg på Adamstuen i Oslo. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB / NPK
Folk i kø for å teste seg på Adamstuen i Oslo.

1.796 nye koronasmitta registrert siste døgn

NPK-NTB: Det siste døgnet er det registrert 1.796 koronasmitta i Noreg, ifølgje MSIS. Dette er det høgaste talet på eitt døgn så langt under pandemien.

Den førre toppnoteringa var 1.552 nye smitta og kom fredag førre veke.

Ifølgje MSIS-oversikta til Folkehelseinstituttet ved midnatt natt til onsdag er 160.174 nordmenn stadfesta smitta, og auken det siste døgnet blir sagt å vere 1.796.

89 innlagt

Tysdag var 89 koronasmitta pasientar innlagde på sjukehus i Noreg. Det er ein auke på ti pasientar frå dagen før. Elleve av pasientane får respiratorbehandling, og 22 ligg på intensivavdeling. Talet på innlagde er det høgaste sidan 26. mai, ifølgje oversikta.

Om kort tid kan vi vere oppe i eit tresifra tal sjukehusinnleggingar på grunn av korona, trur assisterande helsedirektør Espen Nakstad.

— Det store spørsmålet er kor mange alvorlege sjukdomstilfelle vi får når smitten aukar slik som no. Eg trur vi vil få eit tresifra tal inneliggjande pasientar om ikkje så lenge, meir enn hundre som ligg inne samtidig, sa Nakstad til NTB tysdag

— Men eg håpar at vi ikkje når dei same nivåa som i vinter då vi hadde den tredje smittebølgja, føydde han til.

Fått konsekvensar

Dei høge smittetala den siste tida har fått konsekvensar for gjenopningsplanen.

— Førebels har ein sett gjenopninga på pause for å kunne gjennomføre meir vaksinasjon, og regjeringa vil ta stilling til dette i ein heilskap i tida framover, sa Nakstad.

Til saman er 814 koronasmitta personar døde i Noreg sidan mars 2020, viser førebelse tal. Om pasientane har døydd av eller med covid-19, er ikkje alltid mogleg å slå fast.

58,5 prosent av alle døde har fylt 80 år. I aldersgruppa under 50 år er det meldt om 17 dødsfall i Noreg.

Til no har 3.856.128 personar fått første dose av koronavaksinen, og 3.042.690 personar har fått andre dose.

Ogso rekord i Oslo

Det er registrert 677 nye koronasmitta i Oslo siste døgn. Dette er det høgaste talet på eitt døgn så langt under pandemien.

Talet for tysdagen er 305 høgare enn det var for måndagen.

Snittet for den siste veka er 341 smittande per døgn, medan snittet for dei siste to vekene ligg på 239.

Smittetala er høgast i bydelen Nordre Aker. Der ligg smittetrykket på 876 per 100.000 innbyggjarar dei siste to vekene, og det vart det registrert 63 nye smitta i bydelen siste døgn.

Etter det følgjer bydelane Alna (791) og Søndre Nordstrand (756).

Bydelen Vestre Aker har for tida dei lågaste smittetala. Der er smittetrykket på 417 smitta per 100.000 innbyggjarar dei siste to vekene, og det vart registrert 41 nye smitta i bydelen siste døgn.

Totalt er 43.675 Oslo-borgarar registrerte smitta sidan mars i fjor.

Klart flest smitta dei siste 14 dagane er det i aldersgruppa 10–19 år, der det er registrert 1.780 smitta. Så følgjer gruppa 20–29 år, med 741.

Powered by Labrador CMS