Granvin og Vestgar er to av fartøya som får tilskot i årets tildelingsrunde frå Vestland fylkeskommune. Foto: Ann Kristin Kjerland/ Vestland fylkeskommune.
Granvin og Vestgar er to av fartøya som får tilskot i årets tildelingsrunde frå Vestland fylkeskommune.

17 millionar til vern og freding av fartøy i Vestland

Publisert Sist oppdatert
Vestland fylke har flest verna og freda fartøy i landet. Tidlegare i mars løyvde hovudutvalet for kultur, idrett og inkludering i fylket til saman over 17 millionar kroner til verna og freda fartøy.

– Som fylkeskommune skal vi bidra til å ta vare på desse flytande kulturminna våre. Dei syner historia vår som eit kystfylke, der sjøen og fjorden var vegen. Ved å sikre, ta vare på og setje i stand fartøya, sikrar vi kunnskapen om handverket og teknikkar, og vi bidreg til at også framtidige generasjonar får innsikt i denne kunnskapen og historia, seier hovudutvalsleiar Jacob Nødseth.

Vern av fartøy er eit område der frivillige lag og organisasjonar tek på seg eit stort fagleg og økonomisk ansvar. Til saman er det 17 fartøy som får støtte til sikring og istandsetjing i 2024.

I tillegg vert det også 15 fartøy til saman 3 millionar til forvaltning og drift. Tilskotet kan mellom anna gå til nødvendige driftskostnadar, forbruksmateriell og reservedelar, planlegging og kompetanseheving og bevaring og formidling.

– Ved å løyve pengar til forvalting og drift, er vi med og sørgjer for at desse fartøya faktisk har eit liv på sjøen og i fjordane våre endå, seier Nødseth.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS