Journalist Grethe Hopland Ravn
Grethe Hopland Ravn.

På tampen

17. mai og dei 364 andre dagane

Då var 17. mai 2025 historie, og det er noko heilt eige med denne dagen. Nasjonaldagen. Fridomens festdag. Dugnadsåndenes dansegolv. Dagen me gløymer alle gode forsett og går bananas på pølsefronten. Me kan gå i tog i fleire kilometer, iført tronge bunadssko eller det som på morgonkvisten var blanke lakksko. Folk er glade, smiler med raude kinn og klappar for skuleelevar som marsjerer i stram giv akt – som om dei var på statsbesøk – i takt med Gammel jegermarsj» frå musikklaget. Også i år oppførte russen seg eksemplarisk, sjølv om dei var både overtrøytte og utfesta – bøllete på eit godhjarta vis, og med ein russepresident i spissen, som talte til folket, med kloke ord og gode refleksjonar.

Og for ein dag det blei i år! Sola skein som om ho hadde meldt seg frivillig i 17. mai-komiteen. Kvar bygd og grend vart pynta som ein konfirmant, og det lukta nystrokne bunadsskjorter, solkrem og småpanikk. Ein smellfeit dag for både nasjonalkjensle og blodsukkeret.

Ja, me elskar dette landet. Men la oss visa det dagen etterpå òg

Ja, me elskar dette landet. Men la oss visa det dagen etterpå òg

Og midt i iskalde is og varme talar, skjer det noko rart. Noko vakkert. Noko som får ein til å gløyma at ein nettopp betalte 90 kroner for ei flaske vatn og ein halv vaffel. For plutseleg spelar korpset både Etnesongen» og Ja, vi elsker», og du kjenner at det skjer noko i bringa. Hjarta bankar litt annleis. Augo blir litt fuktige – anten av patriotisme eller pollen, kven veit. Men det rører noko. Det gamle, rare landet vårt. Med sitt snille vesen og sin rare humor. Med snø i mai og flom i juni. Med lange køar og korte small talk-samtalar.

På 17. mai går me i takt, både fysisk og mentalt. Me toler til og med å stå skulder ved skulder med folk som trur ananas på pizza er heilt greitt. Det er så mykje snakk om fridom, fellesskap og inkludering at ein nesten skulle tru landet vårt blei drive av ein folkekjær verdsomspennande motivasjonscoach.

Men så er spørsmålet: Kva skjer dagen etter?

For det finst som kjent 364 andre dagar i året. Dagar utan bunad, flagg og fløyteblåsande grunnskuleelevar. Dagar der orda fellesskap» og inkludering» kanskje ikkje smell like høgt. Dagar der du kanskje ikkje kjenner deg heilt fri – eller sett – eller med i gjengen. Der nokon ikkje får stå fremst i toget, verken bokstavleg eller biletleg.

Så kanskje me skal ta ein liten bit av 17. mai og smørja den utover dei andre dagane òg? Ikkje med pølse og ketchup, men med blikk, varme ord og rausheit. Ein liten nasjonaldagsrest på ein heilt vanleg vekedag. For det er først då det verkeleg tel – når flagget er pakka ned, korpset har stilna og bunaden er hengt tilbake i klesskapet med eit par ekstra ketsjupflekkar på.

Ja, me elskar dette landet. Men la oss praktisera det dei 364 andre dagane óg.

Grethe Hopland Ravn

Powered by Labrador CMS