Lesaren melder
160 på LHL-treff i Etne
Landsforeininga for Hjarte- og lunge-sjuke (LHL) har arrangert Sunnhordlandstreffet i Etne.
Fredag 4. oktober vart det halde treff i Etne. LHL-laga i Sunnhordland har kvart år Sunnhordlandstreffet, og dette året var det laget i Etne og Vindafjord sin tur. På dette møtet var det 84 påmelde: 50 frå LHL Stord, 13 frå LHL Kvinnherad og 14 frå LHL Etne/Vindafjord.
Leiar i LHL Etne/Vindafjord, Magne Presttun, ynskte alle hjarteleg velkomne. Magne fortalde om oppstarten av laget for 37 år sidan, og at den fyrste leiaren heitte Arnt Grindheim, som også var til stades denne kvelden. I dag har laget om lag 80 medlemmar. Etter innlegget til Magne Presttun song vi LHL-songen. Det neste på programmet var underhaldning med trubaduren Jimmy Næs, som spelte og song Næseviser». Han las dikt og fortalde stubbar, og klarte å få publikum med seg.
Styret i LHL Etne/Vindafjord hadde invitert ordførar Ole Johan Vierdal i Vindafjord kommune til å fortelje om kommunen. Vindafjord har etter kvart vorte ein større kommune. Vierdal fortalde at dei no hadde passert 9000 innbyggjarar. Folk jobbar innan jordbruk, industri, og i det offentlege, både stat og kommune. Vindafjord kommune har eit areal på 620 km². Ordføraren tok opp fleire interessante industriprosjekt, som til dømes Dommersnes industriområde, der det er planar om produksjon av vindmøller. På Raunes er det eit industriområde med stor aktivitet, og Vindafjord kommune planlegg også ein næringspark på Nerheim. På Westcon-verftet i Ølen er det stor aktivitet med mange arbeidsplassar.
Så var det tid for middag, men før servering var det song, Gryta hennar mor», med tekst av Jon Ljosland og melodi av Monrad Holm Johnsen. Middagen var svært god, sosa kjøt med tilbehøyr», og til dessert var det karamellpudding. Etter middagen var det korsong med KM-karane, eit kristeleg mannskor som vart starta i 1994. Denne gongen song dei to songar: Gangdøra heime» og Kleppe-Marit». Koret har i dag 22 medlemmar.
Under posten Ordet fritt» fortalde leiar i LHL Stord, Sverre Vinje, om aktiviteten deira. LHL Stord har fleire turgrupper; Damer på tur» går tur annakvar onsdag. Kvar tysdag er det tur med meistringsgruppa for kols- og hjartesjuke, og kvar torsdag er det vanngymnastikk i bassenget på rehabiliteringssenteret. LokaIlaget samlar også inn pengar til hjartestartarar som vert plasserte i turgrupper, på skular og andre institusjonar, til dømes Frelsesarmeen. Alle som får hjartestartarar, får også tilbod om kurs i hjarte- og lungeredning (HLR). To av styremedlemmene i LHL Stord er instruktørar for desse kursa, som vert halde ein gong i månaden. Det er også medlemsmøte kvar månad. LHL Stord har om lag 560 medlemmar. Leiar i LHL Stord delte ut ei gåve til LHL Etne/Vindafjord.
Deretter var det nestleiar i LHL Kvinnherad, Ingunn Marit Gudding, sin tur. Ho fortalde om aktivitetane deira: På måndagar er det dans i kulturhuset, og tysdagar er det turgruppe som går tur i 1 til 1,5 time, med kafébesøk etterpå. På tysdagar er det også innandørs trim for dei som ynskjer litt rolegare trening; etterpå går dei òg på kafé. Dette arrangementet er i samarbeid med Frivilligsentralen. Ein tysdag i månaden er det arbeidsstove kl. 17:00. På onsdagane er det trim til musikk, og på torsdagar er det ei ruslegruppe for dei som har plager, inkludert dei som brukar rullator. Torsdag kl. 16:00 er det trim i varmt basseng. LHL Kvinnherad har i dag 249 medlemmar. Ingunn Marit Gudding delte ut ei gåve til LHL Etne/Vindafjord.
Ordføraren i Etne, Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim, kom med ei helsing til møtet og overrekte ei gåve til LHL Etne/Vindafjord. Deretter var det tid for kaffi og kaker, og det såg ut til at folk kosa seg med ein god prat. På slike møte høyrer det med lotteri (åresal), og mange hadde gjeve fine gevinstar, inkludert lokale firma i Etne. Til avslutning song KM-karane Der roser aldri dør», og siste songen var Takk min store Gud».
LHL i Sunnhordland vonar å kunna bidra til å forbetra livskvaliteten for medlemmane gjennom eit godt og variert tilbod av aktivitetar. Våre aktivitetar er opne for alle, uavhengig av helsesituasjon og medlemskap i LHL.
Kjell Vestrheim
Styremedlem LHL Stord