I alt har 163.364 personar testa positivt for covid-19 her i landet.
Foto: Jil Yngland / NTB / NPK
1.550 nye koronasmitta registrert siste døg
NPK-NTB: Det siste døgnet er det registrert 1.550 koronasmitta i Noreg. Det er 135 fleire enn same dag førre veke.
Dei siste sju dagane er det i snitt registrert 1.404 koronasmitta per dag.
Tilsvarande snitt for sju dagar sidan låg på 925, så trenden er stigande.
Torsdag var 89 koronapasientar innlagde på sjukehus. Det var seks fleire enn dagen før.
25 av pasientane ligg på intensivavdeling, og blant dei er 13 på respirator. Det er éin fleire på intensiv og like mange på respirator som dagen før, ifølgje Helsedirektoratets oversikt.
Ved midnatt natt til fredag var det utført 7,1 million koronatestar her i landet sidan februar i fjor. I alt har 163.364 personar testa positivt.
Til no har 3.882.213 personar fått første dose av koronavaksinen, og 3.165.678 personar har fått andre dose.
Til saman er 822 koronasmitta personar døde i Noreg sidan mars 2020, viser førebelse tal. Om pasientane har døydd av eller med covid-19, er ikkje alltid mogleg å slå fast.
58,4 prosent av alle døde har fylt 80 år. I aldersgruppa under 50 år er det meldt om 18 dødsfall i Noreg.
Oslo
Det er registrert 432 nye koronasmitta i Oslo siste døgn. Det er 13 over snittet dei sju tidlegare dagane.
432 tilfelle er 139 færre enn onsdag, men 102 fleire enn same dag førre veke. Dei siste to vekene har det i snitt vorte registrert 318 smitta per dag.
Klart flest smitta dei siste 14 dagane er det i aldersgruppa 10–19 år, der det er registrert 2.209 smitta. Dette utgjer nesten halvparten av dei som er registrert smitta i perioden. Så følgjer gruppa 20–29 år, med 815 smitta, medan det er 564 smitta i gruppa 0–9 år.
Smittetala er høgast i bydelen Nordre Aker. Der ligg smittetrykket på 1.017 smitta per 100.000 innbyggjarar dei siste to vekene, og det vart det registrert 39 nye smitta i bydelen siste døgn.
Etter det følgjer bydelane Søndre Nordstrand (902) og Alna (896).
Bydelen Sagene har for tida dei lågaste smittetala. Der er smittetrykket på 490 smitta per 100.000 innbyggjarar dei siste to vekene, og det vart registrert 28 nye smitta i bydelen siste døgn.
Totalt er 44.678 Oslo-borgarar registrerte smitta sidan mars i fjor.