Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Ved midnatt natt til onsdag var det utført 7,4 millionar koronatestar her i landet sidan februar i fjor. I alt har 178.481 personar testa positivt. Foto: Jil Yngland / NTB / NPK
Ved midnatt natt til onsdag var det utført 7,4 millionar koronatestar her i landet sidan februar i fjor. I alt har 178.481 personar testa positivt.

1.219 nye koronasmitta registrert siste døgn

NPK-NTB: Det siste døgnet er det registrert 1.219 koronasmitta i Noreg. Det er 485 færre enn same dag førre veke.

Dei siste sju dagane er det i snitt registrert 1.186 koronasmitta per dag.

Tilsvarande snitt for sju dagar sidan låg på 1.428, så trenden er fallande.

Tysdag var 105 koronapasientar innlagde på sjukehus. Det var 22 færre enn dagen før.

37 av pasientane ligg på intensivavdeling, og blant dei er 19 på respirator. Det er to færre på intensiv og éin færre på respirator enn dagen før, ifølgje Helsedirektoratets oversikt.

Ved midnatt natt til onsdag var det utført 7,4 millionar koronatestar her i landet sidan februar i fjor.

I alt har 178.481 personar testa positivt.

Til no har 3.979.353 personar fått første dose av koronavaksinen, og 3.473.336 personar har fått andre dose.

Til saman er 829 koronasmitta personar døde i Noreg sidan mars 2020, viser førebelse tal. Om pasientane har døydd av eller med covid-19, er ikkje alltid mogleg å slå fast.

58,5 prosent av alle døde har fylt 80 år. I aldersgruppa under 50 år er det meldt om 19 dødsfall i Noreg.

Oslo

Det er registrert 329 nye koronasmitta i Oslo siste døgn. Det er 198 færre enn same dag førre veke og 77 færre enn måndag.

Dei siste to vekene har det i snitt vorte registrert 431 smitta per dag.

Smittetala er høgast i Grorud bydel. Her er det eit smittetrykk på 1.209 smitta per 100.000 innbyggjarar dei siste to vekene. Deretter følgjer Søndre Nordstrand og Stovner bydel med høvesvis 1.063 og 1.003.

Tala er lågast i bydelane Grünerløkka, Frogner og St. Hanshaugen.

Aldersgruppa 10–19 år står, med over 2.801 smittetilfelle, for rundt halvparten av alle tilfella i hovudstaden dei siste to vekene.

Til saman er 49.351 Oslo-borgarar registrerte smitta sidan mars i fjor. Smittetoppen i Oslo var for 30. august i år med 680 tilfelle.

Powered by Labrador CMS