Bli abonnent - få full digital tilgang!
OL-tilbod: Kun 1 kr ut mars!
*Alt innhald på grannar.no * eAvis
Digitalt arkiv heilt frå 1973 * App med nyheitsvarsel

Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying. Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.
Sjå alle våre abonnement

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

I Oslo blir det nytta mobile teststasjonar i kampen mot smittespreiing.Foto: Berit Roald / NTB
I Oslo blir det nytta mobile teststasjonar i kampen mot smittespreiing.

1.085 nye koronasmitta siste døgn – 65 færre enn for ei veke sidan

NPK-NTB: Det siste døgnet er det registrert 1.085 koronasmitta i Noreg. Det er elleve færre enn dagen før og 65 færre enn same dag førre veke.

Ved midnatt natt til onsdag er det registrert 89.120 koronasmitta personar her i landet, viser førebelse tal frå det nasjonale meldesystemet for smittsame sjukdommar (MSIS).

Dei siste sju dagane er det registrert til saman 6.665 nye smittetilfelle i Noreg. 4,4 millionar koronatestar er til no utførte i landet.

507.864 personar har fått første dose av koronavaksinen, og 263.030 personar har fått andre dose.

264 koronapasientar var tysdag innlagde på sjukehus. Det var to færre enn dagen før.

Til saman er 649 koronasmitta personar døde i Noreg sidan mars 2020, viser førebelse tal. Om pasientane har døydd av eller med covid-19, er ikkje alltid mogleg å slå fast.

62,2 prosent av alle døde har fylt 80 år. I aldersgruppa under 50 år er det meldt om ni dødsfall i Noreg.

429 nye koronasmitta i Oslo

Det vart registrert 429 nye koronasmitta i Oslo tysdag. Det er 82 fleire tilfelle enn snittet dei sju tidlegare dagane.

429 tilfelle er 102 fleire enn måndag. Dei siste to vekene har det i snitt vorte registrert 318 smitta per dag.

Smittetala er høgast i bydelen Stovner. Der ligg smittetrykket på 1.741 smitta per 100.000 innbyggjarar dei siste to vekene. Etter det følgjer bydelane Alna (1.412) og Grorud (1.310).

I bydelen Nordstrand er smittetala lågast. Der er smittetrykket på 294 smitta per 100.000 innbyggjarar dei siste to vekene. Deretter følgjer Vestre Aker (329) og Ullern (350).

Totalt er 26.635 Oslo-borgarar registrerte smitta sidan mars i fjor.

Vurderer forbod med gjester

Nasjonalt forbod mot innandørs arrangement og aktivitetar og to veker besøksstans er blant tilrådingane for nye nasjonale tiltak dersom smitten ikkje går ned.

Tysdag vart nye nasjonale tiltak som gjeld frå 25. mars, innførte for å slå ned smitten.

I samråd med Folkehelseinstituttet (FHI) har Helsedirektoratet vorte bedne av Helsedepartementet om å vurdere effekten av fleire konkrete tiltak som dei kan innføre om R-talet ikkje går ned under 1 etter dei nye tiltaka, og dessutan vurdere om tiltaka bør forskriftsfestast.

Dei har no komme med eit svar med tilrådingane sine for neste tiltakssteg. Blant tilrådingane er eit nasjonalt forbod mot arrangement og innandørs organisert fritids- og idrettsaktivitet, med unntak som vil bli greidd ut nærare.

Helsedirektoratet og FHI tilrår òg at folk unngår å ha gjester på besøk i to veker. Unntak blir gjort for nødvendige heimetenester og for folk som har kort tid igjen å leve. Det blir òg gjort enkelte andre unntak for åleinebuande og for barn og unge.

Fleire av tiltaka som vart tilrådde for neste runde, har allereie vorte innarbeidd i reglane som gjeld frå 25. mars. Det gjeld mellom anna at all undervisning ved universitet og høgskular blir gjennomført digitalt, og å unngå alle reiser som ikkje er nødvendige. (NPK)

Powered by Labrador CMS