Kommentar
Turvegen
Fleirtalet i Etne kommunestyre gav tysdag dispensasjon til ein kombinert tursti, eller turveg om du vil, mellom Olalia i Vindafjord og Rus i Etne. Prosjektet blei i fjor lansert med brei oppbakking frå ordførarar på begge sider av fylkes- og kommunegrensa og lokalt næringsliv.
Men det er delte meiningar om prosjektet. Nokre vil få forringa si villmarksoppleving
når dei vandrar langs dei første kilometrane av det Haugesund Turistforening yndar å kalle Gullruta», altså nettet av stiar som bind saman deira sju hytter i Etnefjella. Ein kan skjøna deira ståstad. Andre meiner at prosjektet vil kunne gi dei som går tur utan fjellsko, og dei som treng farkostar på hjul for å ta seg ut i naturen, nye og lett tilgjengelege naturopplevingar. Turvegen er av forkjemparane også heist opp som eit nærturtiltak som ikkje berre kan gi betre folkehelse, men også bety noko for attraktivitet og busetjing i kommunane. Ein kan nikke også til desse argumenta.
Sterke røyster på begge sider har uttalt seg i debatten, og har lagt fram gode argument for kvar sine ståstadar. Det skal dei ha ros for. For utan debatt risikerer ein vedtak som kanskje ikkje er like gjennomtenkte, og kor politikarane ikkje har fått vurdert fordelar og ulemper godt nok. Men sjølv om det no er klart lokalpolitisk fleirtal i Etne for å gi dispensasjon, trur eg ikkje at siste ord er sagt. For sjølv om kommunestyra seier ja (Vindafjord har ikkje handsama søknaden enno), kan Statsforvaltarane i dei to fylka framleis tvinge prosjektet i kne.
Eg har i den forbindelse merka meg at Statsforvaltaren i Rogaland i ein merknad har gjort eit poeng av at Haugesund Turistforening har uttalt seg negativt til søknaden, noko myndigheita ser ut til å ville vekte i deira handsaming. Akkurat det stiller eg meg spørjande til, all den tid myndigheita ikkje i like stor grad legg vekt på at prosjektet er jobba fram med støtte av lokale turlag og idrettslag i Etne og Vindafjord.
Ølen idrettslag og Etne idrettslag er to av Haugalandets største frivillige bidragsytarar til fysisk fostring utanfor Haugesund. Dei bør difor bli lytta til vel så mykje til i myndigheitenes handsaming av ei sak kor Haugesund Turistforeining også har ei stor slagside målt mot sitt sterke nærvære og eigeninteresser nettopp i Etnefjella. Slik sett er det å håpe at statsforvaltarane, i ein eventuell klagehandsaming, tek seg bryet med å reise ut på synfaring, og ikkje berre gjer eit skrivebordsvedtak. Nettopp for å få eit best mogeleg belyst og fundamentert vedtak i ei betent sak.
Torstein Tysvær Nymoen
Ansvarleg redaktør