Terje Kollbotn.

debatt

Treng vi meir kraft?

Publisert

Dette er eit lesarinnlegg. Innhaldet gir uttrykk for skribenten sine eigne meiningar og haldningar.

Dagen før Eviny sitt opne informasjonsmøte om vindkraftanlegg i Vindafjord på mandag, hadde Stian Skarheim Magelssen, dagleg leiar i Fikse næringsforening, eit innlegg i Grannar med tittelen «Vi trenger mer kraft». Men Eviny og alle dei andre energiselskapa som no freistar å lokke fattige kommunar med nye vindkrafteventyr, møter sterk motvind landet over. Innbyggjarar er bekymra både for naturtap, tap av kulturlandskap, støy- og lysforureining og livskvalitet. Men i tillegg er det stadig fleire som har gjennomskua påstanden frå Magelssen og energiselskapa om at vi treng meir kraft og at behovet berre vil auke dei neste åra. 

Eg vil minne om at elektrisitetslandet Norge har eit stort kraftoverskot og har i snitt eksportert ca. 18 milliardar kolowatt-timar dei siste åra. Samstundes slutta diverre stortingsfleirtalet seg til ACER- EU sin energiunion og den felles europeiske energimarknaden i 2018. Etter at dei to siste eksportkablane frå Norge kom i drift i 2021 og 2022, har dette ført til import av langt høgare kraftprisar i Norge. Dette nemner Magelssen ikkje med eit ord. Ein næringslivsaktør som ikkje er meir bekymra for at industrien og resten av næringslivet i vår del av landet dei siste åra har slitt med altfor høge straumrekningar på grunn av tilpasninga til den indre energimarknaden i EU og den europeiske kraftbørsen, har svikta si oppgåve. 

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS