Næringsminister Jan Christian Vestre (Ap), flankert av Grethe Tesdal (t.v.) og Heidi Silgjerd frå Forum for sjø- og jordkabelteknologi under EnergiRike-konferansen i Haugesund.
Foto: Privat
Til næringsminister Jan Christian Vestre
Tusen takk for eit hyggeleg to minuttars møte med deg på EnergiRike-konferansen i Haugesund tysdag.
Det som slo oss etter denne konferansen er at alt handla om å nå klimamål, grønt skifte og korleis produsere meir energi, dette hurtigast mulig.
Det kom ikkje eit ord om naturen, og korleis ein kan sikre den sterkt minkande villmarka vår. FN meiner naturkrise er minst like truande som klimakrise.