Mange har opplevd problem med å logge seg på grannar.no torsdag.ARKIVFOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Mange har opplevd problem med å logge seg på grannar.no torsdag.

Kommentar

Sterk digital vekst for Grannar

Onsdag kom nye godkjente opplagstal for avisene. Dei viser at trenden med at mange vel vekk papiravisa til fordel for reine digitale abonnement held stand. Grannar åleine har hatt nesten 40 prosent auke på heil-digitale abonnentar på eitt år, og dette ser me held fram også i 2024.

Men det er også eit faktum at ikkje alle som vel vekk papiravisa går vidare med digitale abonnement. Det er ei utfordring mange norske lokalaviser står i. Det gjeld også for Grannar, som trass solid digital vekst må tole ein liten nedgang i netto opplag for andre halvår i 2023 samanlikna med same periode i fjor. Fasiten er netto opplag på 3.392, ein nedgang på 69 frå året før.

Grannar har dei siste 10-15 åra hatt stabile opplagstal. Slik skil heller ikkje den siste rapporteringa seg ut. Men det er nye tider i bransjen, og det viktigaste for oss no er å skape digital vekst, og det klarar me. Journalistane i Grannar jobbar knallhardt kvar dag for å levere relevant avisinnhald, både til eksisterande abonnentar, og for å vinne nye. Det er avgjerande i ei ny tid, kor annonseinntektene går tilbake. For epoken kor det var nettopp annonseinntektene som i fremste rekke finansierte journalistikken er definitivt over.

Difor har vi i Grannar tatt fleire grep for å bli enno meir relevant for innbyggarane i bygdene våre. Me har mellom anna innført kveldsvakter i redaksjonen. Slik kjem me oss oftare ut der folk er på si fritid, for å lage journalistikk om det som skjer i dei aktive bygdene våre. Samstundes har me no journalistar på jobb i langt fleire av timane i døgnet enn i gamle dagar». Det gjer at me no konkurrerer med Haugesunds Avis og andre også på ulykker og andre hendingar på kveldstid. Mellom andre tiltak er ein stoffutvekslings-avtale med våre gode kollegaer i Tysvær Bygdeblad, noko som betyr at du vil finne meir stoff frå nabokommunen om mellom anna næringslivet i Tysvær, kor me veit at mange innbyggarar pendlar til enten dei skal på jobb eller for å nytte tilboda i handelssenteret Aksdal.

Mi oppriktige meining er at no treng du ingen andre enn Grannar for å bli oppdatert på det som angår nettopp innbyggarar i Skjold, Vikebygd, Bjoa, Vats, Imsland, Vikedal, Sandeid, Ølen, Ølensvåg, Etne eller Skånevik. Og det må du gjerne kviskre i øyret til naboen, om hen ikkje er abonnent enno.

Torstein Tysvær Nymoen

Ansvarleg redaktør

PS! Akkurat no kan nye abonnentar gle seg over ein kampanje kor dei kan lese Grannar digitalt i fem veker berre for ein tikroning. Kjøp abonnement her.

Powered by Labrador CMS