Spør oss, og vi svarar deg
Alle som treng hjelp ønskjer seg raske svar. Statped prøver derfor ut Spør oss», der du kan ringe, chatte eller sende e-post og få svar på spesialpedagogiske spørsmål.
Alle kan lære
I haust kjem ei stortingsmelding om tidleg innsats og inkluderande fellesskap. Den svarar på ei viktig utfordring om at born og unge med behov for særskilt tilrettelegging i barnehage og skule ofte ikkje får den hjelpa dei treng.
Alle born, unge og vaksne treng å bli møtt med forventningar og få moglegheit til å strekke seg både fagleg og sosialt. Born og unge med særlege behov får ikkje alltid dette. Årsakene er mange. Dei vaksne rundt barnet har kanskje ikkje kompetansen som trengs for å legge til rette, ein veit ikkje kor ein skal vende seg for å få hjelp, hjelpa kjem for seint eller ikkje i det heile. Mange årsaker kunne vore nemnde.
Vi har spurt dykk
Staten si spesialpedagogiske teneste (Statped) tar denne utfordringa på alvor. Vi har spurt foreldre, lærarar, barnehagelærarar og tilsette i PPT om korleis vi kan medverke tidlegare med kunnskap og råd. Svaret vi fekk er at dei vil kome raskt i kontakt med fagpersonar som gir råd og føreslår tiltak der og då. Dei vil anonymt drøfte si bekymring med nokon utan lange søknadsprosessar og dokumentasjon i forkant – med andre ord eit raskt tilgjengeleg lågterskeltilbod.
Få svar med ein gong
Gjennom Spør oss» tenesta kan alle som ønskjer det spørje godt kvalifiserte rådgjevarar på telefon, chat eller e-post. Dei svarar med ein gong eller får ein kollega med spisskompetanse på det aktuelle temaet til å svare.
Det er mange som no spør oss. Ungdom, foreldre og tilsette i barnehage, skular og PPT stiller viktige spørsmål som kan bidra til tidleg innsats for barn og unge med særlege behov. Vi snakkar saman om å legge til rette for læring og å inkludere alle. Vi deler kunnskapen vår om læring, utvikling, læremiddel og teknologi i opplæringa. Saman drøftar vi tankar og idear om korleis vi kan medverke til at born og unge får ta ut sitt fulle læringspotensiale i eit inkluderande læringsfellesskap.
Tidleg innsats frå starten av
I august startar eit nytt barnehage- og skuleår. Dette er eit godt høve for laget rundt barnet til å rette merksemda på tidleg innsats. Vi oppmodar alle til å nytte Spør oss» for å få råd og rettleiing om spesialpedagogiske tema. Du finn meir informasjon på statped.no/spor-oss.
Gerd Ingunn Opdal
regiondirektør og prosjektleiar
for Digitaliseringsprosjektet i Statped