Leiar Johnny Vik i Ølen IL.
ARKIVFOTO: MAGNE SKÅLNESFOTO: Magne Skålnes
Debatt
SØK AS – Rettferdig fordeling etter eit sal
Forslaget om avvikling av Skånevik Ølen Kraftlag (SØK AS) kjem opp på generalforsamlinga seint i august.
Skånevik Ølen Kraftlag var opprinnelig organisert som eit samvirke, der vedtektene sa at heile restkapitalen skulle tilfalle allmennyttige formål. I 2017 blei SØK omdanna til AS med formål å ivareta både aksjeeigarar og den lokale felleskapen.
Nå er det forslag på bordet, om at kun 20 prosent av kapitalen skal tilfalle ein ny stiftelse for allmennyttige føremål i området for gamle» Skånevik Ølen Kraftlag!
Korleis ein skal rekne seg fram til kva prosent som høver, er vanskelig. Men at me som er så heldige og er aksjonærar, fordi me hadde eigen bolig i SØK-distriktet dei rette fem åra, skal stikke av med nesten heile potten, framstår særdeles urettferdig.