Jens Andreas Markhus
Foto: Privat
Debatt
Oss menneske imellom
Me ynskjer eit ope og fritt samfunn. Samanliknar me oss med andre land er landet vårt i kategorien velferdssamfunn. Eit godt teikn er eit samfunn i utvikling, noko som igjen krev endringar.
Både som privatpersonar, under utdanning og i yrkeslivet får me fagleg påfyll innan emne som livets ulike fasar, psykisk helse og oss menneske imellom. Me likar å hevda at samfunnet vårt tar avstand når det gjeld utestenging og mobbing. Heldigvis prøver dei fleste av oss å vera den beste versjonen av seg sjølv» både som privatpersonar og i yrkeslivet.
Politikarane i Etne har gitt fullmakt til helse- og kommunalsjef med sin stab til å omorganisera heimetenesta. Omorganiseringa har ført til eit stort engasjement blant innbyggjarane og pårørande i Skånevik.