Strypetjødno
Debatt
Omkamp om ei tapt sak?
Terje Halleland, stortingspolitikar og medlem av energi- og miljøkomiteen for FrP seier i intervju i Grannar 23.02.23 at me i Forum for sjø- og jordkabelteknologi (FSJT) utnyttar dei demokratiske spelereglane når me stadig må ta nye omkampar på allereie tapte slag. Ei sak er ikkje tapt før den er avgjort. Denne saka er ikkje ferdigbehandla, og det er vår demokratiske rett å prøve å påverke til å få sjø- og jordkabel grundig utgreia før endeleg vedtak. Halleland seier at gjengen» i FSJT må ta på alvor at denne saka har hatt si behandling i Stortinget og me bør respektere dette.
Når saka var oppe i Stortinget,var det eit dokument 8 forslag om å utgreie sjø- og jordkabel på denne kraftoverføringa. Dette vart nedstemt av AP, SP, Høgre og FrP, der Halleland frå talarstolen serverte uhaldbare fakta om sjøkabel. Dette gjentar han i Grannar med å vise til ein Menon-rapport som han tolkar at det blir mykje dyrare med sjøkabel enn luftspenn. Verken denne rapporten, Statnett eller NVE har tatt med verdien av natur i reknestykket. Tala dei kjem med er kun nåverdi investering. Verken drift/vedlikehald, effektivisering , leveringssikkerhet, regularitet (meir ekstremvær ) eller store elektriske tap med monstermaster er tatt med her.
NVE sin vurdering av sjøkabel byggjer på Statnett sine utredningar. Desse er ikkje kvalitetsikra av uhilda 3.part. Dei byggjer på overordna vurderingar og på gamal retorikk. Det vises til den same usikkerheten på forsyningskvalitet, vanskelighet og kostnad som i Hardanger for 12 år sidan. Halleland påstår at det er problematisk med sjøkabel». Har han gløymt at det er lagt tusenvis av kilometer med sjøkabel i norske fjordar og i havet til utlandet, og alle sjøkablane som Regjeringa planlegg for elektrifisering av sokkelen? NVE har ignorert mengder av høyringsinnspel frå folket, Etne kommune, Vestland fylkeskommune og andre interesse organisasjonar. NVE har heller ikkje brydd seg om at konsekvensutgreiinga av det biologiske mangfaldet er manglande, og på fjellet HEILT FRÅVERANDE.(ref. tilleggsnotat, KU 420kv Haugalandet.)