Thomas Alvseike FOTO: PRIVAT
Thomas Alvseike

Debatt

No må våre kjære folkevalgte våkne, om ein no alt ikkje har forsovet seg…

Tysdag 11. mars skal hovudutval for samferdsel og mobilitet i Vestland behandla saka om økonomisk støtte til snøggbåttilbodet. Dette gjeld samarbeidet med Rogaland Fylkeskommune og snøggbåttilbodet med Bjoa og Ølen.

Snøggbåten mellom Ølen, Bjoa og Stord-Bergen er avgjerande for utviklinga av heile regionen vår. Snøggbåten knyter Vindafjord tettare saman med Stord, Leirvik og Sunnhordlandsbassenget, gjer det lettare å pendle til jobb og studiar, og sikrar rask tilgang til Bergen og Flesland. Dersom båttilbodet blir lagt ned, vil det ikkje berre ramme reisande – det vil svekke næringslivet, kulturlivet og busetjinga i distrikta. Ein kan her nemna planane på Dommersnes og Aker Stord som eit døme på viktig næringsutvikling og samferdsel.

Til no har det vore relativt få reisande med snøggbåten, men om tilbodet ikkje inkluderer tur-retur, eller innan høveleg tid, ja så blir det som med annan kollektivtransport ute i distrikta – det er eit tilbod, men det kan dessverre ikkje alltid nyttast. Her må det på plass eit tilbod som gjer at folk faktisk kan nytte seg av tilbodet med eit dei kjem seg både fram og tilbake.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS