Debatt
Nei til monstermaster
Me er ei gruppe som aktivt jobbar for at NVE skal be Statnett om å utgreie eit sjø- og jordkabelalternativ i 420KV overføringa frå Blåfalli til Gismarvik. Vår meining er at det er totalt feil å byggja monstermaster i vår urørte natur og flotte fjellområder. Me bør ikkje finna oss i ei slik rasering når det er mogleg å bruke både sjø- og jordkabel. Monstermaster høyrer fortida til når Norge har kompetanse til å føre krafta fram på ein naturvenleg og skånsam måte.
Sidan januar 2021 har me hatt mange møte både med Etne-politikarar, NVE, Energi-og miljøkomiteen og stortingspolitikarar.
Nå skal me ha eit nytt møte med Energi- og miljøkomiteen og sentrale politikarar den 1. februar. Me skal òg sende høyringsutalelse til NVE på Statnett sin tilleggssøknad om justeringar på traseen. Me er særs skuffa over at NVE ikkje har høyrt på folket etter sist høyring. Det vart då etterlyst eit sjø- og jordkabelalternativ. Dette har NVE ikkje tatt omsyn til. Etter Hardangersaka og den enorme motstanden mot monstermastene der, uttalte dåverande olje og energiminister at dei burde hatt ein betre forankring i lokalmiljøet og lytta til lokalebefolkninga sine innspel. Dette er noe vi nå gjør i nye saker» uttalte ministeren. Me skal minna den nye komiteen på kva som då vart sagt.
Me oppfordrar alle i Etne-bygdene og nabobygdene om å backa oss opp. Støtt opp om vårt krav om eit sjø-og jordkabelalternativ med å signera oppropet der me vil be om at eit sjø- og jordkabelalternativ skal utgreiast. Me håpar og trur at alle ynskjer å bevare dei flotte fjella og skogane våre frå slike inngrep. Om ein ikkje er på Facebook kan ein likevel få signera, ta kontakt så hjelper me gjerne med det. Så til alle de som meiner som oss, signer oppropet, slik at NVE blir nøydd til å høyra på oss.
Johan Strømsvold
Dag Jørgen Neraal
Grethe Tesdal
Teknisk gruppe for sjø- og jordkabel frå Blåfalli til Gismarvik