Debatt
Nei til biogassanlegg på Nerheim: Ei sak om lokasjon, ikkje næringspolitikk
Under kommunestyremøtet 30. september 2025 vart innbyggjarinitiativet Nei til biogassanlegg i Ølen!» avvist. Denne avgjerda er skuffande, særleg fordi debatten handla om næringspolitikk og grønt skifte, når saka heilt enkelt dreier seg om lokasjon. Nerheim er feil stad. Kommunesenteret Ølen er feil stad.
Eg trur ikkje ordførar og kommunedirektør skjønar kva type industri dette er. Dette er ikkje ein liten skitkjellar. Biogass er ein risikabel og umoden industri som hastar med å kome i gang før subsidiane forsvinn. Omsynet til innbyggjarane og lokalsamfunnet må gå føre.
Vi treng ikkje sjå lenger enn til Molde for å forstå konsekvensane. For nokre veker sidan lak det ut nesten 4000 m³ gjødsel og fiskeavfall frå Havila sitt biogassanlegg. Utsleppet forureina eit vassdrag, eit freda våtmarksområde og fjorden. Heldigvis låg det anlegget for seg sjølv. Tenk deg den same enorme lekkasjen her, tett på bustadhusa på Nerheim. Oppryddinga ville teke årevis, og alt liv i elva ville vore utradert for alltid. I tillegg kjem hundrevis av daglege passeringar med trailarar fulle av avfall, midt mellom husa og gjennom sentrum. Det finst mange andre døme på feilslåtte biogassanlegg å vise til.
Biogassprosjektet får òg direkte konsekvensar for anna lokalt næringsliv. XL-Bygg ønskjer å samlokalisere verksemda si på Nerheim, men kan ikkje gjere det med eit stinkande og risikabelt anlegg som nabo. Alternativet kan bli at bedrifta flyttar ut av kommunen, med tap av viktige arbeidsplassar.
Planprosessen har dessutan alvorlege lyte: Tre kommunestyrerepresentantar har vore inhabile på grunn av direkte eller indirekte eigarskap i Biovind. Dette burde vore fanga opp tidlegare og betyr at alt som er vedteke må gjerast om og startast på nytt. Eit slikt alvorleg inngrep kan ikkje hastast gjennom på ein altfor enkel arealplan.
Eg føreslår at formannskapet reiser til Havila sitt biogassanlegg i Molde og ser med eigne auge kva konsekvensane av denne industrien kan vere, og tek lærdom av det som skjedde der. Ikkje gjer feilen med å setje livskvaliteten, omdømet og eksisterande arbeidsplassar i spel.
Tore Tverå